Jeg er Zlatan: Zlatan Ibrahimovic og David Lagercrantz

Jeg er ZlatanTittel: Jeg er Zlatan
Forfattarar: Zlatan Ibrahimovic, David Lagercrantz (medforfattar) og Sverre Knudsen (gjendiktar)
Sjanger: Sjølvbiografi
Forlag: Font Forlag
Utgitt: 2011

Jeg er Zlatan er ein sjølvbiografi av Zlatan Ibrahimovic. Zlatan har fortalt historia til David Lagercrantz som har skrive boka. Den er retta mot ungdommar som er interessert i fotball, men passer også for eldre lesarar. I boka snakkar Zlatan om oppveksten sin, om personar han har møtt, familien, pengar, og om alt frå karrieren på eit lite lag i Malmö til verdens største fotballklubbar.

Boka er skrive på bokmål, og har ein serie med bilde heilt fyrst i boka frå Zlatans liv. Boka er lett å lese, sjølv om det er ei lang bok med nesten 400 sider. Boka inneheld nokre uttrykk frå fotball som nokon kanskje ikkje forstår. Det er nokre replikkar i boka, men dei er skrive i fortid, fortalt av Zlatan, slik som resten av boka.

Boka startar som sagt med ein bildeserie av Zlatans liv, men sjølve teksten startar med eit tilbakeblikk på nokre år, før den går enda lengre tilbake, heilt til barndommen hans. For sjølv om Zlatan er ein dei største, mest kjente og rikaste fotballspelarane i verda, har ikkje livet hans alltid vore så luksuriøst. Han vaks opp i gettoen blant innvandrarar i Rosengård utanfor Malmö med faren. Faren var veldig fattig, og sat berre heime og drakk øl. Zlatan hadde mange problem i denne tida. Han fekk ikkje mykje mat, sloss og stal ofte syklar og andre ting.

Boka har ikkje noko høgdepunkt. Den bygger ikkje opp til noko, sidan det er ein sjølvbiografi. Men det er ein veldig spesiell sjølvbiografi. Den er veldig «røft» skrive, og er spennande og «usensurert», om du vil…

Forfattaren David Lagercrantz (f. 1962) er ein svensk journalist og forfattar. Han har jobba i mange år i den svenske avisa Expressen. Då dette blei skrive, hadde han gitt ut til saman ti bøker, dei fleste romanar. Jeg er Zlatan er utan tvil den mest vellykka boka han har skrive. Da den kom ut selde den betre enn Harry Potter-bøkene. David lykkast perfekt med sjølvbiografien om Zlatan, kvar side i boka inneheld liksom ei lita historia om livet hans. David har mange år med erfaring innan skriving, og eg er veldig imponert over denne sjølvbiografien.

Boka Jeg er Zlatan tar for seg oppveksten til Zlatan på ein veldig «røff» måte, og tar deg med gjennom livet hans heilt til i dag kor han er ein av verdens beste fotballspelarar. Eg vil ikkje seie at den er retta mot ei spesiell gruppe. Eg anbefaler denne boka til alle som vil ha eit innblikk i korleis det er å vere kjendis, eller likar sjølvbiografiar.

Elev, VG1

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s