Hodejegerne

HodejegerneRoger Brown er – ifølge seg sjølv – den beste hovudjegeren i landet, men han har også ein jobb på fritida: profesjonell kunsttjuv. Brown treng pengar for å halde kona Diana tilfredsstilt, fordi han nektar ho barn. På ein av Dianas vernissasjar i galleriet, blir Roger presentert for ein tilsynelatande perfekt kandidat til toppstillinga i eit GPS-firma, ved namn Clas Greve. Det viser seg også at kandidaten eig eit måleri verdt fleire hundre millionar, og å stele måleriet ville vore løysninga på alle Brown sine problem. Dessverre skjuler det seg meir bak Clas sin visitt i galleriet…

Hodejegerne er ei bok med god språkleg variasjon. Boka har ei blanding av korte setningar, lange skildringer, eller kjeder av replikkar. Forfattaren skriv formelt, relevant for sjangeren og språket inneheld få banneord (helst i replikkar).

Nokre stadar i teksten kan ein tydeleg skilje dialektar. Eit eksempel kan vere på side 126, der vi finn Sindre Aa si dialekt:

Det er itte billig. Og det er itte bilen din, det er Kjikerud’ns. Åssen skal han komme seg hit?

Jo Nesbø er kjent for svært nøyaktig skildring av ansikt, noko som synest godt i boka. Eit kort, men godt eksempel er på side 119:

Kjevepartiet var skutt enda lenger frem enn vanlig og fikk ham til å ligne en krysning mellom steinfigurene på Påskeøya og Bruce Springsteen.

Fortellinga er original, som krimfortelling er den fantasifull og har få klisjear. Handlinga er noko som godt kunne skjedd på ekte, men nokre få av scenane kan til ein viss grad verke usannsynleg.

Boka var fengande. Som ei bok i eg-person har den både ei ytre og ei indre spenning, og høgdepunkta blir markert. Slutten er overraskande, akkurat som ei krimforteljing skal vere, men avsluttast slik at det neppe blir nokon bok to.

Jo Nesbø (1960) er kjent til og med internasjonalt, med bøker omset til 34 språk på det tidspunktet Hodejegerne kom ut. Han debuterte som 37-åring med Flaggermusmannen, og har fått bokhandlarprisen to gongar.

Som erfaren krimforfattar greidde han for min del å fange interessa mi gjennom handling og varierte personskildringar.

Boka har ikkje noko spesielt bodskap, men fortel heller ei spennande forteljing som gjer at den er verd å lese! Eit eventuelt tema kan kanskje likevel vere det at ein må vere kritisk til kven ein kan stole på. Eg trur boka er rekna for begge kjønn, og passar godt for ungdom og vaksne.

terningkast6Hodejegerne er ei spennande bok som med sitt varierte språk og sin originalitet har fanga mi interesse. Den geniale måten å skildre ansikt på gjer det enkelt å forstå miljøet, noko ein kanskje forventar av ein slik berømt forfattar. For min del var dette ei bok eg syntes var vanskeleg å leggje ifrå meg, og eg anbefaler derfor boka vidare. Slutten var for meg spesielt bra, men det kan du lese i boka. Terningkast 6.

Elev 11STCD

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s