Litt å lese på nynorsk

Under er en liste over lettleste bøker på nynorsk

Fuck off i love youLars Mæhle: Fuck off I love you  (nyn): Vemund er 16 år, og sjølv om han har venner og er forelska, viklar han seg inn i eit usunt miljø. Leiaren av gruppa, Two-Face, avgjer alle viktige val med myntkast. På den eine sida av mynten står det Fuck off, på den andre sida står det I love you, noko som fører til, i same rekkjefølgje, vonde eller gode handlingar. Romanen handlar om kor mykje vi kan styre liva våre, kva vi gjer ut frå fri vilje, om kjærleik, familie og venner. (Forlagets omtale)

søkeordMarit Kaldhol: Søkeord: ayotzintli  (nyn): Vemund er 16 år, og sjølv om han har venner og er forelska, viklar han seg inn i eit usunt miljø. Leiaren av gruppa, Two-Face, avgjer alle viktige val med myntkast. På den eine sida av mynten står det Fuck off, på den andre sida står det I love you, noko som fører til, i same rekkjefølgje, vonde eller gode handlingar. Romanen handlar om kor mykje vi kan styre liva våre, kva vi gjer ut frå fri vilje, om kjærleik, familie og venner. (DnBB)

dystopiaTerje Torkildsen: Dystopia (nyn): Det er 18. januar 2014. Ei kjempebølgje slår inn over London. Seks syttenåringar frå International School of Stavanger er på studietur i metropolen. Byen bryt saman, og det blir ei reise på liv og død for ungdommane, som berre har eitt mål: dei vil heim. Dette er første bok av fire i Dystopia 2014. (Forlagets omtale)

Det blir pinlig uansettBjørn Sortland & Tyra Teodora Tronstad: Det blir pinlig uansett (nyn/bm): To av Norges beste ungdomsbokforfattere har skrevet bok sammen – prisbelønte og erfarne Bjørn Sortland og lovende og nye Tyra Teodora Tronstad. Susanne pleier å ta samme buss som Elias. Men plutselig en dag gjør hun ikke det lenger. Hvor er hun? Hva har skjedd? Heldigvis har Elias sett e-postadressen hennes på mappa hun alltid hadde med seg, og han sender henne en e-post. Og – lykke over all lykke – han får svar! Hun forteller at den blå mappa hennes har blitt stjålet, og hun er redd for hva som skjer med den. Mye av livet hennes er nemlig samlet i der. På heltemodig vis klarer Elias å stjele mappa tilbake for henne. De utvikler et e-postforhold, og en dag avtaler de å møtes … (Forlagets omtale)

bli hvis du kan. Reis hvis du måHelga Flatland: Bli hvis du kan. Reis hvis du må (nyn/bok): Tre unge barndomsvenner fra samme bygd, Tarjei, Trygve og Kristian, beslutter å verve seg til de norske styrkene i Afghanistan. Ingen av de tre kommer tilbake. Romanen handler om å vokse opp i, være omgitt av og bryte opp fra en trygghet som ikke lenger kjennes trygg. Historien om bygda fortsetter i Alle vil hjem. Ingen vil tilbake. For å spille av digikortet kreves en digispiller. (DnBB)

Inn i eldenAina Basso: Inn i elden (nyn): Finnmark, 1600-tallet. De to unge jentene Elen og Dorothe havner på hver sin side i den grufulle heksejakten. Elen er datter av en «klok kone», mens Dorothe er riksmannsdatter fra København. De to jentenes liv krysser hverandre da Dorothe blir giftet bort og flytter til Vardø med mannen sin. (DnBB)

SaikoLinn T. Sunne: Saiko (nyn): Ella kjeder seg på skulen, men gleder seg til festen på Svartstein på laurdag. Steinar, som dei kallar Saiko, skal kjøre Ella, Olivia og Noor til festen. Ting går ikkje som planlagt, og snart er Ella rota inn i noko ho ikkje kunne ane konsekvensane av. (Forlagets omtale)

SofiaSigrid Merethe Hanssen: Sofia (nyn): Ei norsk kvinne reiser til ein gresk kystby. Ho leiger eit rom på ubestemt tid, for å fullføre eit skriveprosjekt. Sommaren går over i haust, byen blir tømt for turistar og tilværet hennar blir stadig meir prega av isolasjon. Ein dag møter ho Sofia som arbeider på ein kafé i nærleiken. Denne jenta opptek snart all plass i tankane og skrifta hennar. Og då ho får for seg at Sofia er i fare, tek ønsket om å hjelpe overhand, og ho må kjempe mot krefter ho ikkje har kontroll over. (Forlagets omtale)

Tonje GlimmerdalMaria Parr: Tonje Glimmerdal (nyn): Tonje Glimmerdal er einaste ungen i Glimmerdalen, og den tøffaste jentungen dalen har sett sidan dei vaksne tantene hennar herja på ski mellom fjella. Tonjes bestevenn er gamle Gunnvald, ein bisk felespelar på over sytti år, og dei to vennene kjenner kvarandre ut og inn. Eller gjer dei det? Ein dag då Gunnvald er på sjukehuset med broten lårhals, forstår Tonje at Gunnvald har ein stor løyndom han ikkje har røpt for bestevennen sin. Brått får Tonje mangt å rydde opp i, for her står det om lykka og felespel! (Forlagets omtale)

VaffelhjarteMaria Parr: Vaffelhjarte (nyn): I denne boka følgjer vi to svært oppfinnsame niåringar gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år, der dei leiker andre verdskrig, opptrer som gatemusikantar, går på sauesanking og lagar Noas ark. Men ein dag blir idyllen brått borte. (Forlagets omtale)

FredlausRagnar Hovland: Fredlaus (nyn): Anders skjønar at foreldra hans har tenkt å skilje seg. Da går han ut i skogen og slår seg til i huset til Dobbel-Aksel, som hengde seg i ei bjørk for mange år sidan. (DnBB)

vekevisSelma Lønning Aarø: Vekevis (nyn): Vekevis handler om en jente som skal skrive en erotisk roman og plutselig oppdager at hun er gravid. Etter hvert som magen blir større og større blir det stadig vanskeligere å skrive erotisk selv om hun prøver å hente inspirasjon fra Anais Nin. Boka er en utgivelse i Litt-å-lese serien og er støttet av Leser søker bok. (Forlagets omtale)

dans stilleTorvald Sund: Dans stille før stormen (nyn): Julie og Runar elskar kvarandre, sjølv om Julie vil bli dansar og Runar vil bli fiskar. Ein dag dei er på tur med sjarken til Runar, går dei i land på den vesle øya Sklinna. Ein stein raser ut frå moloen då Runar vil få laus nokre garnblåser. Steinen landar på føtene til Runar, og Julie blir nøydt til å ta sjarken for å prøve og hente hjelp. (Forlagets omtale).

Black and deckerEinar Økland: Black & decker og 20 andre historier (nyn): I denne samlinga er det eit utval av dei beste novellen Einar Økland har skrive for ungdom. Novellene har stor spennvidde både i innhald og lengde, her er fablar og idyllar, surrealisme og nitid realisme, sentimentalitet og råskap. Dei fleste forteljingane tar for seg unge som kjem i konfliktsituajonar, men som kjem gjennom dei med ny innsikt. Novellene stimulerer lesaren til å tenke nytt og gjerne skape nye gåter. Nynorsk tekst. Noveller for ungdomstrinnet. (DnBB)

Mitt bankande hjarteAlf Kjetil Walgermo: Mitt bankande hjarte (nyn). Amanda er 14 år og forelska. Samtidig truar ein farleg sjukdom med å røve frå ho alt, forelskinga, kjærleiken, livet. Korleis er det for ei ung jente å vere så forelska og samtidig vente på ein hjartetransplantasjon?Mitt bankande hjarte er ikkje ei sjukdomshistorie. Det er ei kjærleikshistorie. Om Amanda, 14 år. Det er historia om det aller finaste og det aller fælaste på same tid. (Forlagets omtale)

Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekarBjørn Sortland: Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar (nyn). Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar er ein roman om ugifte Ivar. Han er både fundamentalist og ekstremist. Ikkje berre trur han på den absolutte kjærleiken, han trur på ekteskapet også. Kosta kva det kosta vil. (Forlagets omtale)

EnglefjesIngelin Røssland: Englefjes (nyn): Engel Winge har sommarjobb i lokalavisa på Tysnes. I si jakt på ei god sak for avisa, kjem ho opp i trøbbel, og snart er ho i livsfare. Dette er den første av tre bøker om Engel. (Forlagets omtale)

HundenSir Arthur Conan Doyle: Hunden frå Baskerville (nyn): En mørk skygge hviler over slekten Baskerville. Den blodige forbannelsen har form av en kjempestor, kullsort hund, og i dens spor følger voldsomme og tragiske dødsfall. Sherlock Holmes får i oppgave å redde den siste ætlingen fra forbannelsens klør, en oppgave som fører ham og dr. Watson ut på de ville, tåkete heiene i Dartmoor og som setter detektivens evner på større prøver enn noen gang. (Forlagets omtale)

Eg var derGudrun Pausewang: Eg var der. Historier vi ikkje må gløyme (nyn). Dette er ein samling forteljingar om vanlege folk i Tyskland under 2. verdskrigen. Her er ungguten Harald som blir beordra av onkelen til å skyte ein russarfange, her er venninner som ikkje er venninner lenger, fordi den eine er arisk-tysk og den andre tysk-jødisk. Her kan ein lese om korleis det var å vere kvardagsmenneske under 2. verdenskrig i Tyskland og kva som skjer med naboar som plutseleg ikkje snakkar til kvarandre. Noveller for ungdomstrinnet. (Forlagets omtale)

Siss og UnnInger Bråtveit: Siss og Unn (nyn): I romanen møter vi Unn som mistar mora si, Mummy Big, i ung alder og må flytte til ei tante. Etter kvart blir ho kjent med den meir utadvende Siss som kjem flyttande til den litle bygda frå Sverige. Vi følgjer dei to venninnene gjennom ungdoms- og studietid. Forholdet deira blir etter kvart vanskeleg, dei utviklar seg i to retningar der den eine klarar seg og den andre går til grunne. Boka er skrevet i dialog med Tarjei Vesaas‘ roman Is-slottet. (Forlagets omtale)

lykkefeltetIngvild Holvik: Lykkefeltet (nyn): Stine er heime hos faren i Bergen for å passe på søstera Gry. Gry skulle eigentleg ha vore i Tromsø, men faren er redd for at ho skal gjere seg noko. Stine skulle eigentleg ha konsentrert seg om eksamen, men søstera sitt liv er tross alt viktigare. Dette er forfattarens debut. (DnBB)

Svar på brev frå HelgaBergsveinn Birgisson: Svar på brev frå Helga (nyn): Ein tilårskomen sauebonde svarar på brevet frå elskarinna som bad han flytta med henne til byen ein gong i tida. Det har teke lang tid å svara, og det er mange val som må svarast for. Han flettar slarv frå bygdelivet inn i saftige forteljingar om det han kallar paringstida i livet sitt. Gamal kjærleik og erotiske minne blandar seg med soger om gløymde lik, lågføtte vêrar og dagen då Farmall-traktoren kom. Svar på brev frå Helga, er historia om det livet som aldri vart realisert og dei vala me tek. Om den tapte kjærleiken, men også om ein tapt kultur, slik me ser han gjennom auga til sauebonden Bjarne. Denne kritikarroste boka har teke Island med storm, og er no under omsetjing til fleire språk. Han vann den Islandske bokhandlarprisen i 2010 og var nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2012. Boka vart dramatisert for scena i 2012 og eit filmmanus er under arbeid. Bergsveinn Birgisson (f: 1971) Svar på brev frå Helga er den tredje romanen til Bergsveinn Birgisson. I 2009 gav han ut Handbok om mentaliteten til kyr, og i 2003 vart han nominert til den islandske litteraturprisen for Landskap er aldri toskete. Den hittil siste av tre diktsamlingar, Drauganet, kom ut i 2011. Birgisson er Dr. art. i norrøn filologi og har budd i Noreg sidan midten av 90-talet. Han bur for tida i Bergen. Han er elles glad for å ha blitt kjent med den kulturinstitusjonen som ein sauegard er. (Forlagets omtale)

eit vintereventyrJan Roar Leikvoll: Eit Vintereventyr (nyn): Hovudpersonen lengtar etter å bli elska. Han har håp om at kjærleiken finst same kor forferdeleg livet kan være. Han bur i ein arbeidsleir og kvardagslivet er brutalt og rått. Boka handlar om angst, uro og frykt men også om lengsel og kjærleik. Dette er forfattarens debutroman. (DnBB)

Eg elska hoAnna Gavalda: Eg elska ho (nyn): Fordi ho er ulykkeleg, bestemmer svigerfaren seg for å ta henne med på landet. Fordi ho ikkje vil ete, bestemmer han seg for å lage mat til henne. Fordi ho ikkje sluttar å gråte, går han i kjellaren etter ei flaske god vin. Det blir seint og tid for oppbrot. Men dei blir sitjande. Han begynner å snakke. For første gong fortel han nokon om seg sjølv, om livet sitt, om ho han ikkje kunne få. (DnBB)

VinterhjerteSiri M. Kvamme: Vinterhjerte (nyn): Vinterhjerte er ein roman om å miste nokon, for så å miste seg sjølv. Det er også ein erotisk roman, ein roman om å sjå og bli sett.Liv og Endre bur på ei vintervakker øy i Nord Noreg med dei to barna sine. Ein dag rygger Endre over dotter deira Marte og livet vert aldri det same. Liv kan ikkje tilgje Endre og flyktar inn i eit erotisk forhold til mannens bestekamerat, Egil. Liv si søster, Lea, bur i etasjen over og ser alt. Ho nyttar høvet til å kome nærmare Endre.Den dempa lyden av galopperande hestehovar mot hardpakka snø og øksa som høgg inne i skogen, dannar det pulserande lydsporet i denne medrivande forteljinga om sorg og kjærleik. (Forlagets omtale)

få meg på for faenOslaug Nilssen: Få meg på, for faen (nyn): Alma får si seksuelle oppvakning når Artur er borti henne med pikken, og er i dei følgjande vekene nærmast svimeslått av uforløyst begjær. Maria vil at nokon skal sjå korleis ho lir i jobben som vaskehjelp, og planlegg å skrive eit føredrag i sosiologi som skal bli så godt og viktig at media plukkar det opp og gjer henne til kjendis. Kona til Sebjørn får si feministiske oppvakning då det ein dag går opp for henne at verken dei åtte ungane hennar eller Sebjørn verdset husarbeidet ho gjer og omsorga ho yter. Ho drøymer om fast jobb, og reiser til Oslo for å demonstrere mot nedlegging av Skoddeheimen nepeforedling AS. (DnBB)

om drittsekkarEva Jensen: Om drittsekkar på tre måtar (nyn): Boka inneheld 16 noveller og korttekstar om jenter og kvinner som finn ut at dei ikkje skal finne seg i kva som helst, uansett om det er forelska kjerester, uakseptable hybelvertar eller sjølvgode burettslagsleiarar. (DnBB)

darvins sporarMarit Kaldhol: Darwins Sporvar (nyn): I eit rom med vindauge mot havet ligg ei kvinne for døden. Dottera Sally vaker over henne. Medan ho ventar på at døden skal kome og hente henne, minnest Sally då mora reiste frå stad til stad med teaterframsyninga si. Sally måtte vere med. Ho leika med trådar, dikta med saumar, streva med puslebitar i baksetet av bilen. I byen ved kysten blei alt brått heilt annleis. På kvar sine vis leitar mor og dotter fram fortida, og det blir tydeleg at det finst eit sår i dette forholdet. To ulike lagnader, som begge krinsar rundt svik og tap av kjærleik. (Forlagets omtale)

skårgangarSivert N. Nesbø: Skårgangar (nyn): Skårgangar handler om odelsgutten Johannes’ ensomhet ogdyptfølte, tyngende ansvar for gårdsdriften etter farens død. Romanen erstillferdig og kontemplativ i uttrykket, men under beskrivelsene av detstorslåtte landskapet og den daglige tralten fornemmes både larm ogvrede, og det tilbakeholdte uttrykket frammaner et ladd og skremmendeunivers. Skårgangar er en vakker og foruroligende roman.Sivert Nesbø har en sterk, naturlig autoritet i beskrivelsene av gårdsdriften, jakten, landskapet, værforholdene, arbeidet og rutinene og er et stort litterært talent. Han har bakgrunn fra Skrivekunstakademiet i Hordaland, og var med i Signaler i 2011. (Forlagets omtale)

kaldhol. det skulle vere sol, vi skulle reise til Lo dz. omslMarit Kaldhol: Det skulle vere sol. Vi skulle reise til Lódz (nyn). To søstrer, Jenny og Solrun, veks opp saman med mamma og bestefar Olvar. Dei leikar på stranda og i skogen, byggjer hytte i det store tuntreet. Mamma les eventyret om Raudhette og ulven. Storesøster Solrun skulle alltid passe på Jenny. Ingen skulle gå seg vill. Mamma skulle vere der. Det skulle vere sol. Det som hender skulle ikkje hende. Jenny må vere sterk, ta ansvar, vise omsorg. Men kven skal ha omsorg for Jenny? Det skulle vere sol, vi skulle reise til Lódz er ein roman om eit nært og sårt søsterforhold, og om det å vere pårørande. (Forlagets omtale)

Så vakker du erBrynjulf Jung Tjønn: Så vakker du er (bm).Det er sommar og alt er annleis. Onkel Simon flyttar inn hjå Henrik og mora. Simon og Henrik har alltid hatt eit nært forhold, men no er Simon sjuk, veldig sjuk. Det er ikkje vanskeleg å sjå kva slags veg det ber, utan at mora seier det rett ut. Henrik fortel Simon at han har kyssa Kjersti, ei jente i klassen, sjølv om han ikkje har det. Han torde ikkje da han hadde sjansen. Snart kjem Kjersti heim frå ferie i Italia, og Henrik lurer på om ho har sakna han. Så vakker du er er historia om ein gut som blir til ein ung mann, mens ein annan ung mann visnar bort. Det handlar om å gripe dei sjansane livet gir ein – og om at brått ein dag er det ikkje fleire sjansar å gripe. Brynjulf Jung Tjønn skriv i ein knapp og antydande form, men språket dirrar av kjensler. (Forlagets omtale)

Kjære søsterAlf Kjetil Walgermo: Kjære søster (bm). Når eit menneske døyr i dag, står gjerne Facebook-veggen igjen etter det. I mange tilfelle lever veggen vidare, som ein stad der slekt og vener vender seg direkte til den avdøde. Profilen blir ei minnebok, men også ei slags forlenging av livet.   Etter at Amalie døyr, begynner storesøstera Eli Anne å skrive til henne på veggen hennar. Ho skal snart legge profilen ned – ta ein endeleg avskjed – men kvir seg for å ta det siste steget. Eli Anne skriv på veggen til Amalie og ser attende på forholdet deira: på endringar av status, på løgner og sjalusi, men også på kjærleiken mellom to søstrer.   Kjære søster er ei forteljing som rommar både sorg, anger og skam – men også glede, livskraft og håp. Det er i tillegg ein roman om musikk, der ulike musikksjangrar og kunstsyn får bryne seg mot kvarandre. (Forlagets omtale)

KvittLaura Djupvik: Kvitt (nyn). Jill er sytten og lengtar etter å gi seg hen. Ho er lei av kjærasten, den kristne lækjarstudenten Kristoffer. Når han reiser bort, forelskar ho seg i læraren sin, Peder. Han er kjekk, vaksen og gift. Meir eller mindre motvillig blir Peder tiltrekt av Jill, og dei innleier eit forhold. Kjærleiken mellom dei tilfredsstiller, tærer og utmattar. Kvitt er ein studie i makt, begjær og ulovleg kjærleik, og ei forteljing om tap av uskuld (Forlagets omtale).

 

Finner du ikke noe her? Se i nynorskhylla eller på denne siden

One comment

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s