Tromsungdom leser 2015

Bokmelding av Harry Potter og fangen fra Azkaban

Harry Potter og fangenTittel: Harry Potter og fangen fra Azkaban
Forfattar: Joanne Rowling (J.K.Rowling)
Sjanger: Fantasy
Forlag: Bloomsbury
Gitt ut: 1999

Harry Potter og fangen fra Azkaban er den tredje boka i Harry Potter-serien, og etter mi meining heilt magisk å lese. Det er alle dei seks andre bøkene også. Rowling skriv så detaljert og så bra at det blir artig å lese. Harry Potter og fangen fra Azkaban handlar om Harry Potters tredje år på trollmannskolen Galtvort. Det som skil denne boka frå dei seks andre, er at det er den einaste Harry Potter-boka der den mørke trollmannen, fyrst Voldermort ikkje er med.

Det er også blitt laga filmar av Harry Potter som har blitt svært populær i verda. Boka er skrive av forfattaren Joanne Rowling, ei kvinne frå Yate, Gloucestershire nokre kilometer frå Bristol i England. Joanne Rowling var ganske fattig før ho gav ut bøkene. Nå er ho ein av dei rikaste personane i verda med ein formue på over 560 millionar pund. Det er selt over 400 millionar kopiar av Harry Potter-bøkene. Rowling fekk ideen om å skrive Harry Potter-bøkene da ho sat på eit tog på veg til Manchester.

Boka handlar om ein frykta trollmann som heiter Sirius Svaart som har rømt frå ein av dei mest berømte fengsla for trollmenn i heile trollmannsverda, Azkaban. Det Harry Potter ikkje veit er at Svaart har rømt frå Azkaban for å finne han. Det blir nok ein gong eit farleg år fylt med spenning på Galtvort for Harry Potter og vennene hans.

Boka startar i sommarferien til Harry. Når han ikkje er på Galtvort, bur han hos dei slemme «Dummlingene», som er hans onkel Viktor, tante Petunia og nevøen Dudleif.

Nokre veker før skolen startar, kjem Maggen som er Viktors søster. Når ho begynner å prate stygt om Harrys foreldre, endar det opp med at Harry bruker magi for å blåse ho opp til ein ballong. Maggen forsvinn opp i himmelen og Harry rømmar heimanfrå.

Slutten av boka handlar om at Harry og Hermine skal prøve å redde Sirius frå desperantane, (vakter hos Azkaban), dei kjem for å suge ut sjela til Sirius. Slutten er utruleg spennande med mange uventa ting som skjer. Det kjem fire bøker og fem filmar etter denne boka.

Eg synest boka er lett å lese, og når du først har begynt å lese, klarer du ikkje å legge ho i frå deg. Boka er spennande frå start til slutt med mange uventa ting som skjer.

I boka er det spesielt mange dialektord frå skogvaktar Gygrid og Harrys bestevenn Ronny Wiltersen. Nokre døme på dette: Gygrid: «Kjære Harry og Ronny, va med å drike te hos meg i etermidag klokka seks? Jeg komer og henter dere i borgen. Vent på meg i ingangshalen. Dere for ikke gå ut aleine. Ha det, Gygrid.» Ronny: «Han var sånn da jeg fikk’n av Perry». Det er mange replikkar, men samtidig mykje skildring av miljø og personar. Rowling er utruleg god på skildringar, og når du ser filmane etter å ha lese bøkene, er Galtvort heilt likt det du ser for deg når du les bøkene.

Harry Potter bøkene kan ein kalle «One of a kind». Dei er heilt spesielle og det er ingen bøker som ein kan samanlikne med dei. Historia er original og er skrive av ein heilt spesiell forfattar.

Boka er lett å leve seg inn i, ganske spennande og vanskeleg å legge frå seg. Spenninga er bygd opp til slutten i boka.

.K.Rowling har skrive nokre andre bøker, men ingen har blitt like kjent som Harry Potter. Ho har så klart gjort lykke med Harry Potter bøkene, med tanke på kor populære dei er blitt, og kor mykje pengar ho har fått. Eg synest ikkje at Rowling kunne gjort det noko betre enn å skrive desse magiske bøkene.

Elev 11STCD

Bokmelding av «Hodejegerne»

HodejegerneBoka eg skal vurdere heiter Hodejegerne og kjem inn under sjangeren kriminallitteratur. Forfattaren er ingen ringare enn Jo Nesbø. Boka vart filmatisert på i 2010, og det jobbas med ein versjon på amerikansk. Boka vart første gang utgitt på Aschehoug i 2008.

Jo Nesbø (født 1960) er ein anerkjent krimforfattar, særlig har romanane med etterforskaren Harry Hole begeistra lesarar både i inn- og utland. Bøkene til Jo Nesbø er oversatt til 37 forskjellege språk og han har fått tildelt ein rekke prisar.

Roger Brown er ein liten mann med stor suksess som hodejeger. Han har ei vakker og dyr kone, eit alt for dyrt hus og ein alt for dyr bil. Når inntekta som hodejeger ikkje strekk til, har han ei biinntekt å støtte seg på, han arbeider nemleg også som kunsttjuv.

Under opninga av galleriet til kona, finn han eit kustmaleri som kan løyse alle hans økonomiske problem for resten av livet. Eigaren, Clas Greve, kjem han i kontakt med i forbindelse med jobben som hodejeger. Eit tjuveri til, så er det over. Men ting er ikkje alltid slik dei ser ut, ei heller i dette tilfellet…

Boka er skrive med eit enkelt språk og korte setningar, det gjer ho lett å lese. Ho er skrive slik at du aldri klarer å gjette deg til kva som kjem til å skje på neste side. Samtidig er det ikkje slik at du må sitte konsentrert for å få med deg handlinga. Boka vil derfor fenge både dei som les bøker for hjernetrim, og for oss som ønsker noko lettlest utan for mykje tenking. Boka er slik at du sit med hovudpersonens følelsar på fanget. Du kan derfor kjenne deg igjen i reaksjonmønstret til hovudpersonen og av den grunn ha ei viss forståing for og sympati for «tjuven».

Dette er ein klassisk Jo Nesbø-bok kor det ikkje er eit klart høgdepunkt, derimot ein rekke periode der spenninga er på topp og du er fanga inne i historia/handlinga. Det betyr ikkje at den er dårlig, tvert om heile boka er spennande. Når den da daler litt i spenning er det godt ein får litt slakk og kan hente seg inn igjen. Jo Nesbø har skrive fleire bøker der han skriv om personer som ikkje er vellykka jfr. Harry Hole. Hovudpersonen er god på eit område, der han ikkje får full annerkjenning på grunn av sine «unotar» på andre område. Her skriv han også enkelt. Han er kanskje ute etter å vise at ein må sjå bak fasaden?

Det berre ein ting meir å seie, boka ender overraskande og er full av spenning.

Elev 11STD

Ei magisk lesaroppleving

Harry Potter og de vises steinTittel: Harry Potter og de vises stein
Forfattar: Joanne Rowling, (J.K. Rowling)
Sjanger: Fantasy
Forlag: Cappelen
Utgitt: 1999

Boka eg har lese heiter Harry Potter og de vises stein. Denne boka er skrive av Joanne Rowling. Boka er fantasy, og ho handlar om kjærleik, om vennskap og om det gode og det vonde.

Denne boka er først i bokserien «Harry Potter». Boka handlar om Harry Potter, men Ronny Wiltersen og Hermine Grang er andre sentrale personar. Desse tre hovudpersonane er trollmenn og dei går på den magiske skolen Galtvort, det er under opphaldet på Galtvort det meste i boka skjer. I byrjinga av boka forteljes det at Harry Potter sine foreldre er myrda av den mørkaste og verste trollmannen, Voldemort. Både mora og faren til Harry Potter døyr i forsøket på å redde guten, men Harry Potter overlever på eit mirakuløst vis.

Harry Potter og de vises stein har eit informativt språk og gode skildringar. Boka er spennande og lesaren blir stadig overraska over det som skjer i den magiske verda til Harry Potter. Språket er enkelt. Joanne Rowling brukar forholdsvis korte setningar, med eit munnleg språk. Ho bruker ikkje mange billde og metaforar i teksten sin, men eg sat ofte igjen med klare bilde da eg las. Joanne skriv levande og morosamt, og ho har ein utruleg evne til å trekkje lesaren inn i historia. Vi får lese om ulike magiske vesen og magiske objekt, det vil ein ikkje kunne lese om i ei kva som helst slags bok. Denne boka er heilt unik, eg har aldri lese noko liknande.

Harry Potter og de vises stein er Joanne Rowlings debutroman, og det er med den ho fekk sitt gjennombrot. Boka er skrive på skrivemaskin, Rowling satt og skreiv på caféar i Edinburgh. Forfattaren lykkast med å skape ein samanhengande heilskap gjennom heile boka, med ein slags «raud tråd». Joanne skriv slik at interessa blir fanga, ved å bygge opp spenning gjennom heile boka, der vi opplever forskjellige små høgdepunkt stadig vekk. Måten Joanne skriv Harry Potter-bøkene på, gjer at lesaren ikkje klarar å leggje frå seg boka, utan å spekulere seg i hel på kva som skjer vidare. Spenninga byggjer seg opp sakte, men sikkert gjennom heile boka, inntil vi kjem til eit høgdepunkt der vi får oppklaringa. Boka sluttar slik at det er lagt opp til at det kjem mange fleire bøker, noko det også gjer, Harry Potter og de vises stein er ein del av ein bokserie på heile sju bøker. Denne boka ga meg truleg den beste lesaroppleving eg nokon gong har hatt, eg vil anbefale alle frå 10 år og oppover å lese denne, og for så vidt alle dei andre Harry Potter-bøkene og.

Elev 11STCD

Odinsbarn – eit menneske

odinsbarnTittel: Odinsbarn
Forfattar:
Siri Pettersen
Gitt ut: 2013
Sider: 115
Sjanger: Fantasy
Forlag: Gyldendal

Hirka har vakse opp aleine med faren sin. Ho har alltid følt seg annleis. I hennar verd er ho den einaste utan hale og som ikkje kan favne. Hirka har bestandig trudd at det var ulvane som tok halen hennar da ho berre var eit lite barn, men når ho er 15 vintrar får ho vite at ho er eit Odinsbarn – eit menneske, ein halelaus råte frå ei anna verd. Forhatt. Ho aner ikkje lengre kven ho er, og i tillegg vil nokon drepe ho for at ho framleis skal vere ein hemmelegheit. Ei gammal myte fortel at Odinsbarn spreier råttenskap til alle som kjem i kontakt med dei på romantisk vis. Og det er heilt klart sterke kjensler mellom Hirka og Rime, barndomsvenen hennar.

Forfattaren har skrive boka på ein slik måte at ein enkelt lever seg inn i ho, og ein blir lett rive med. Når ein først har begynt å lese boka kan ein ikkje legge ho frå seg. Eg syntest kanskje det var litt vanskeleg i begynninga å skjønne kva eg las, heilt til eg var kommen litt inn i boka, fordi det var mange vanskelege ord som ein ikkje skjønner med det første.

Boka er bygd opp av fire delar:
Første del: Hirka får vite meir om seg sjølv
Andre del: første vendepunkt: Hirka bestemmer seg for å flykte.
Tredje del: andre vendepunktet.
Fjerde del: siste vendepunktet: Den kjem ¾ ut i boka, det er det som set i gang avslutninga, som også innleiar neste bok.

Odinsbarn er ei original fantasyforteljing bygd på norrøne myter. Oppgjer med framanddfrykt, blind tru og retten eller viljen til å leie, er sentrale motiv. Odinsbarn er den første av tre bøker om Hirka, i serien Ravneringene. Råta som er andre bok i serien kom ut i 2014. Den tredje boka er enno ikkje kommen ut. Odinsbarn blei nominert til Bokhandlarprisen, Bokbloggerprisen, Kulturdepartementet sin debutantpris og vann Fabelprisen.

Boka Odinbarn er ei veldig god bok som passar for alle ungdom og vaksne. Eg vil anbefale alle å lese ho.

Elev 11STC

Pappas prinsesse

Pappas prinsesseTittel: Pappas prinsesse
Forfattar: Sigrid Beate Edvardsen
Sjanger: Dokumentar
Forlag: Publicom forlag AS
Utgjevingsår: 2012
Terningkast: 4

Sigrid Beate Edvardsen tar oss med inn i ein gripande historie der ho fortel om sin oppvekst i ein heim der foreldra misbrukte alkohol og stoff. Ho fortel korleis faren deira kom heim kvar kveld og var så full at han nesten ikkje klarte å stå på beina. Korleis han kom heim og byrja å slåst og diskutere. Sigrid og systera Ellen blei begge misbrukt av faren frå dei var seks år, og til langt opp i tenåra. Sigrid skulle seinare vere involvert då faren blei drepen.

Sigrid Beate Edvardsen er 46 år og tidlegare straffedømt for drapet på sin far. Ho har to barn og ein hund. Ho har skrive boka Pappas prinsesse der ho skriv om følelsar og tankar rundt det ho har opplevd i livet sitt. Historia ho fortel er ei sann historie.

Eg vil seie at boka var lett å lese. Boka er delt inn i tre hovuddelar der den første og den tredje delen fortel korleis ho lever i dag og korleis det var når ho sat i fengsel.

I den første delen fortel ho i hovudsak om korleis det var å vekse opp i ein familie som ikkje fungerte slik den burde, og korleis ho har det i dag. Den andre delen er basert på brev ho skreiv då ho sat i fengsel. Denne delen er ein ganske lang del, og den kan bli kjedeleg i lengda. Ho skriv om livet i fengsel, og dagane som er ganske like, så det meste som står i breva er mykje av det same. Den tredje delen fortel korleis det var når ho sat i fengsel, ho fortel korleis ho blei flytta mellom fengsla og sjukehus, om når ho blei gravid på nytt mens ho sat i fengsel og korleis forholda mellom ho og familien blei etter ho begynte soninga.

Då eg begynte å lese boka og åpna opp på første side, var det som eg hadde lese mykje av boka allereie. Boka begynte rett på handlinga om korleis ho opplevde og hadde det i barndommen sin. Ho fortel ikkje noko om og om igjen, og det er vanskeleg å leggje den ifrå seg, for historia ho fortel er så trist og det rart å sjå korleis nokon har det heime.

Boka passer for ungdommar og vaksne, og er ei fin bok viss du ønskjer eit innblikk i korleis nokon faktisk har det i heimein utan at nokon legg merke til at ein ikkje har det bra. Boka tar deg med inn i ei historie der ting fort kan endre seg og eit mareritt kan bli verkeleg.

Elev 11STCD

Hvis du lyver

Hvis du lygerTittel: Hvis du lyver
Forfattar: Thomas Marco Blatt
Gitt ut: 2014
Sidetal: 142
Forlag: Cappelen Damm
Genre: Roman for ungdommar

Thomas Marco Blatt er født i 1980 i Busan, Sør-Korea og vaks opp på Sørumsand i Oslo. Han har gått på skrivekunstakademiet og forfattarstudiet. Han har gjeve ut tre bøker, og har vunne ein pris «Tarjei Vesaas debutantpris 2006» for boka Slik vil jeg måle opp verden. Boka Hvis du lyver er hans første barne- og ungdomsroman.

Klara er ei tolv år gammal jente som likar å symje og spele fotball. Ho bur i ei blokk i Oslo saman med mora, faren og litlebroren, Kevin. Klara er bestevenn med ein som heiter Mathias og alle trur dei er forelska i kvarandre. Dei er saman, men Klara er forelska i ein annan, nabojenta som heiter Sofie. Sofie er 14 år og har oransje hår. Holete bukser og svarte klede er noko som fell henne i smak. Ho er modig og tøff, difor liker Klara henne. Mathias, som ho er saman med, men ikkje er forelska i, får vite sanninga.

Boka startar ganske rett på sak. Eg synest sjølv at ho er ganske kjedeleg eigentleg, men no er ikkje eg ho som elskar å lese. Boka var veldig lett å lese då ho ikkje var så særleg lang, og ho var skrive på ein forståeleg måte. Boka tek opp eit ganske viktig tema; korleis ein person som er forelska i ein av same kjønn har det, og korleis personen vert behandla, boka tek òg opp kva dei tenkjer om homofili. Det var korte kapittel i boka som gjorde at det var lett å leggje ho ifrå seg, og boka var lettlesen. Boka hadde ein open slutt, som var litt brå, men han passa til handlinga.

TerningkasttreBoka handlar om homofili, var truverdig i høve til både stad og innhald, og dette kunne sikkert skjedd i røyndomen. Temaet til boka er kor vanskeleg det kan vere å kome ut som homofil. Klara er veldig open, men ho er redd for å seie kven ho eigentleg er forelska i. Ho seier det til Mathias, men ingen andre, og det er då alle får vite det. Eg gjev terningkast 3, då eg syntest boka ikkje var så veldig spennande for meg.

Elev 11STD

Bokmelding av «Jeg er Zlatan»

Jeg er ZlatanTittelen på boka er Jeg er Zlatan og ho er fortald av Zlatan Ibrahimovic og skriven ned av David Lagercrantz. Boka er ein sjølvbiografi, og ho er gjeven ut av Font Forlag i 2011.

Boka Jeg er Zlatan er ein sjølvbiografi om livet til Zlatan, der han fortel om barndomen sin, mangelen på kjærleik frå foreldra sine, livet som fotballspelar i klubbar som Barcelona og AC Milan, spelarane han krangla med og krangelen med Pep Guardiola i Barcelona. Boka fortel og om korleis han møtte kona Helena Seger, og om borna, Vincent og Maximilian Ibrahimovic.

Boka var lett å lese fordi ho er skrive med korte setningar, og eg synest at boka er spennande og artig å lese fordi det er morosamt å høyre om alt Zlatan har vore gjennom og alt han seier. Han sa for eksempel i eit intervju ein gang at det John Carew (gammal norsk fotballspelar) kunne gjere med ein ball, det kunne han gjere med ein appelsin. Dette gjer Zlatan litt «cocky», som igjen gjer boka litt artigare.

Boka startar med ein god del bilde ifrå livet til Zlatan, og med krangelen mellom Zlatan og Pep Guardiola. Innimellom var faktisk boka vanskeleg å leggje ifrå seg, sjølv om eg ikkje er særleg glad i å lese. Eg trur det var fordi ho var så interessant og morosam å lese. Boka sluttar med at Zlatan oppsumerer livet sitt og takkar Gud for det livet han har fått. Eg synest at den siste setninga seier det godt: «Det var et eventyr, og jeg var Zlatan Ibrahimovic.»

Forfattaren David Lagercrantz er mest kjent for biografien sin om Zlatan Ibrahimovic. Det nest mest kjende han har skrive er novella som heiter Fourth Millennium novel. Eg synest at forfattaren har gjort ein strålande jobb med å fortelje om Zlatan, og han får Zlatan til å verke som ein spennande person, som har hatt ein stor karriere med nokre av dei største fotballklubbane i verda som Barcelona, Juventus og AC Milan.

Eg meiner at boka var kjempebra og eit godt eksempel på at du ikkje bør bry deg og kva andre seier og at du skal gjere som du sjølv vil. Denne boka er og eit godt eksempel på at du skal følgje drømmane dine og ikkje la deg stoppe av andre sine meininger. Eg vil anbefale denne boka til alle uavhengig av alder, fotballinteresse og kjønn.

Elev 11STCD

Snatch av Tor Arve Røssland

snatchTittel: Snatch
Forfattar: Tor Arve Røssland
Sjanger: Thriller
Forlag: Mangschou
Sider: 129
Utgitt: 2014

Boka Snatch handlar om to gutar, Martin og Henrik. Martin og Henrik har ikkje mykje pengar og dei slit økonomisk. Henrik og søstera hans bur ilag med mora, som er alkoholikar. Ho sit berre inne og røyker og drikk. Martin kjem frå ein velståande familie, men blei skyldig ein masse pengar etter ein fest da han blei for full og gjekk amok. Han øydela hagepynt, og ripa opp bilar i nabolaget. Derfor må dei finne ein måte å tene pengar på.

Boka er både spennande og enkel å lese. Henrik er forteljaren i boka, og det er mykje replikkar i boka. Henrik fortel at dei bur i Bergen, så vi får eit inntrykk av dialekta deira. Han beskriv ikkje så mykje av dei forskjellige personane, gatene osv., noko som gjer at vi må skape oss eit eige bilde av det han beskriv.

Boka startar rett inn i handlinga, som vist her:

Om fem minutter vil alt endre seg.
Da er det ingen vei tilbake.
Jeg og Martin sitter i varebilen og venter.
På andre siden av gaten ligger en svære villa.
Rundt hagen er det en høy hekk

Boka var både morosam, artig og spennande å lese. Ho har ein uvanleg episode, som fortel om da Henrik og Martin skal kidnappe ei jente. Jenta er frå ein rik familie og Henrik og Martin krev løysepengar for ho. Men sidan dei er amatørar, går ikkje alt heilt etter planen…

Boka har sine opp og nedturar. Når boka har sine oppturar, er ho nokså spennande. Nedturane er litt kjedelege. Boka endar forresten ganske overraskande.

Terningkast4Boka er ein thriller, men minner meir om ei krysning mellom komedie og krim. Forfattaren har ikkje fådd heilt til å gjere ho til ein heilstøpt thriller.

Elev 11STCD

3096 dager av Natascha Kampusch

3096 dagerTittel: 3096 dager
Forfattar: Natascha Kampusch
Sjanger: Sjølvbiografi
Forlag: Cappelen Damm
Utggjevingssår: 2010

Natascha Kampusch vart kidnappa 2. mars 1998 på veg til skulen som 10-åring. Ho vart halde i fangenskap i ein kjellar i 3096 dagar av Wolfgang Priklopil. I boka 3096 dager fortel ho historia si.

Boka var lett å lese. Ho har ingen vanskelege ord og uttrykk, og Natascha gjev veldig mange gode skildringar som gjev eit inntrykk av korleis det var for henne i fangenskap. Ho startar boka bra, der ho fortel litt om dagane før kidnappinga. Dette kan vere greit å vite, slik at ein blant anna forstår tilhøva hennar til foreldra . Boka er spennande, og ho kan vere vanskeleg å leggje frå seg. Når Natascha vert kidnappa, lurar ein veldig på kva som skjer vidare. Kjem ho seg ut? Vil ho overleve? Derfor kan det vere litt ulikt frå person til person om ein synest slutten er overraskande. Sjølv synest eg han var litt overraskande. Sidan det er Natascha Kampusch sjølv som har skrive boka, synest eg ho har skrive den veldig bra. Det er ingen andre enn ho sjølv som veit betre kva som skjedde, derfor synest eg ho gjev gode skildringar og gjer ein god jobb med å få lesaren til å leve seg inn.

terningkast 5Boka handlar om kidnappinga av Natascha Kampusch, og korleis ho opplevde det. Sidan kidnapping er eit ganske seriøst tema, fekk denne boka meg til å tenkje på kor skummelt det er med kidnapping. Boka passar veldig godt til ungdomar, sidan det er denne aldersgruppa som blir mest ramma av kidnapping. Boka passar og fint for vaksne, og eg vil absolutt anbefale ho vidare. Eg vil gjeve boka terningkast 5.

Elev 11STCD

Jag är Zlatan Ibrahimović

Jeg er ZlatanJeg er Zlatan er ein biografi om den svenske fotballstjernen Zlatan Ibrahimovic, som har fortalt om livet sitt til den svenske forfattaren David Lagercrantz. Dei har jobba i til saman over 100 timar, der Ibrahimovic tar seg tid til å dele historia si til heile verda. Boken blei utgitt i 2011 av Font forlag.

Zlatan Ibrahimovic (født 3. oktober 1981  i  Malmø) er ein av verdas absolutt beste fotballspelarar. Vegen til suksess er lang. I boka gir han en liten smakebit på profflivet i alle klubbane han har vore ein nøkkelspelar i. Han vaks opp hos ein bosnisk far og ei kroatisk mor i ein «drabantby» utanfor Malmø. Han fortel om sin vanskelege oppvekst i eit miljø der svenskane og utlendingane held seg for seg sjølve. Faren drakk mykje. Da var unge Zlatan ute og gjorde kriminelle ting; som å stele syklar. Han er ein mann som blir «trigga» av hat og kjefting på sidelinja. Kroppen blir pumpa full av adrenalin og han gjer det strålande på fotballbanen.

Boka var lettlest. Den har ei intens spenning frå begynning til slutt. Boken gir eit bodskap til lesaren. Korleis det er å vere utlending i eit rikt land når ein ikkje har mat i kjøleskapet og har fotballsko til 49.90. Det er like lett å forstå innhaldet før ein som ikkje er interessert i fotball som ein aktiv fotballspelar. Boken inneheld ein del banning og dialektord, det gjer boka meir spennande. Språkbruken er passande til temaet i boken. Boken er skrive på ein måte som gjer den meir spennande og innhaldsrik. Dette er klart ei bok som er vanskeleg å legge frå seg. Man kjem tett på privatlivet til Zlatan og kjenner at ein forstår hans situasjon. Det er mange bøker med same tema, men denne gjer ein forskjell. Mange har lest den, fordi dei er fan av Zlatan. De har blitt overraska over kor interessant lesinga kan vere, med eit slikt tema. Zlatan fortel om ulike hendingar og dialogar med andre proffe spelarar og viktige personar i fotballverda, og vi får eit innblikk i deira liv også. Boken bygger seg sakte opp mot ein spenningstopp, sjølv om det er ein biografi. Den startar når Zlatan er ungdom og finn på fantestrekar og spelar fotball for å ha det gøy. Handlinga i boken er beskriven i høy grad. Boken var veldig spennande, fordi han bytter stadig til ein ny og betre klubb, med nye karakterar og haldningar. I boken blir alle viktige kampar og hendingar beskrivne med dyd. Boken når eit høgdepunkt når han er i den italienske toppklubben AC Milan etter å ha spilt for den beste fotballklubb på den tida, FC Barcelona.

David Lagercrantz har tidlegare jobba som journalist for den svenske avisa Expressen, og har etter sin debut som forfattar (1997) hatt ein rekke utgivingar av både romanar og faktabøker. I tillegg har han studert filosofi og religion.

Boken er ganske overraskande godt bygd opp. Boken har ein mjuk slutt, så ein godtar det som skjer. Det finst ingen fleire bøker om ham. Forfattaren kunne ha skrive boken litt seinare. Da hadde han fått med seg hans nåverande klubb PSG. Boken er svært fengande med humor i ei elles alvorleg historie. Forfattaren kunne fått med litt meir om landslaget og hans karriere der

Språket i «Eg er Zlatan» er brutalt, men ein følar at det er svært ekte. Vi føler at vi gjer dei same handlingane som Zlatan i boken. Her legger Zlatan ikkje skjul på noko, men fortel alt direkte og i detaljer. Forfattaren har ikkje gjort store forandringar frå kva som eigentleg er blitt sagt. Nokon vil kanskje sei at forfattaren har brukt eit sterkt språk, men eg vil si at det er ein del av verkemidla Lagercrantz har brukt. Boka «Eg er Zlatan» er ei spennande bok som eg anbefaler på det sterkaste. Man blir tatt med på ei veldig spennande reise saman med Zlatan og får eit innblikk i korleis fotballen eigentleg fungere, og korleis det er å jobbe seg helt opp til toppen og samtidig aldri være lik alle andre. Eg vil anbefale denne boken til aldersgruppa 12- 99. Denne boken passer for både gutar og jenter som er interesserte i fotball.

Elev 11STCD

Elev: 11STD 23.04.15