Jeg drepte Hitler

Ein ny slager av Jason

 Jeg drepte hitlerJeg drepte Hitler er ei ny teikneseriebok frå forfattaren John Arne Sæterøy (Jason). Boka kom ut i 2007 på Schibstedforlagene. John Arne Sæterøy blei født 16. august 1965 og har tidlegare hatt suksess med historier som Mjau Beibi, Pervo og The Left Bank Gang. Denne boka har eit stort persongalleri, men det er ingen som har namn, bortsett frå Hitler.

Boka Jeg drepte Hitler handlar om ein leigemordar som godtar den merkelegaste jobben i sitt liv, nemleg å reise tilbake i tid for å drepe Hitler. Tilbake i fortida går ikkje alt etter planen, og Hitler tar tidsmaskinen og reiser fram i tid. Mordaren lever alle åra fram til den tida han reiste ifrå, han finn sin gamle kjæraste og dei to prøver å finne Hitler.

Personane i boka er ei blanding mellom menneske og dyr, dei ser ut som dyr, men gjer menneskelige handlingar. Hovudpersonen ser ut som ein hund, han har svart kropp med kvitt i området rundt munnen. Han går alltid i svart bukse og bruker som regel frakk. Etter kvart som historia held fram og han blir eldre, får han fleire rynker i ansiktet og slik ser vi at han har blitt eldre. Hitler er teikna som eit dyr, men vi kan sjå at det er han på den spesielle barten og håret han har. Dei andre personane i boka er som sagt teikna som dyr og vi kan sjå korleis personane er ved måten teiknaren har teikna kledestilen deira osv. Stadane er og godt skildra i denne boka, vi kan sjå når han drar tilbake til Hitlers tid at veggane er einsfarga og at tinga er veldig gammaldagse.

Eg trur at forfattaren skriv til ungdom, og eg synest at han har klart å nå fram til lesargruppa. Eg kunne lese denne boka utan å kjede meg og eg syntest boka var interessant. Boka har eit godt språk, gode bilde, gode verkemiddel, og den er lett å lese.

Av elev 11STAB

Advertisements