Therese Tungen: Ein gong var dei ulvar

Ein gong var dei ulvar er tittelen på Therese Tungens novellesamling som også er hennes litterære debut. I seks relativt lange noveller møter vi personar som på ulike vis ikkje har stødig grunn i tilveret, og der spenninga mellom undergang og liv blir sentral.

Samlinga viser stor variasjon: «Flaumen» tek oss med til ei bygd som er truga av ein naturkatastrofe, men likevel vel ein far å bli der i lag med dotter si medan alle andre evakuerer. Tre søsken blir forlatne i ei leiligheit utan straum og mat i «Ungane». I «Det går bra med dei aller fleste» møter vi småbonden Anna som gjerne vil meistre alt. Ei kvinne mister jobben og opplever ei grotesk forvandling i «Dyr som pustar». Ein journalist let kjenslene ta overhand i eit tv-intervju og veit at ho tirrar på seg nett-troll i novella » Slutten på ein karriere», og i siste novelle,  «Seksten», ser vi Ingrids eksistensielle kaos og  angst for alle dei andre sine blikk.

Novellene skaper noko mørkt, trugande og trykkande, og vekker eit ubehag både i karakterane og lesaren. Tittelen på samlinga speler på nettopp dette, då alle novellene rører ved det ville i menneske, det som er styrt av natur og som vi ikkje heilt kan temje. Her er ei urovekkande kjensle av undergang, men også von om endring.

Gjennom eit originalt og stilsikkert språk utforskar Tungen kva som skjer med menneske i ekstreme livssituasjonar. Novellene er både realistiske, hjarteskjerande, absurde, makabre, groteske og tidvis komiske. Dyremetaforane, bruk av synsvinkel , naturskildringar og tone inviterer til å undersøke novellene nøye. Samlinga framstår svært solid, nokre av novellene er til og med framifrå.

Liker du litteratur som utfordrar deg til å grave litt i underteksten er dette samlinga for deg!

  • Therese Tungen
  • Ein gong var dei ulvar
  • Novellesamling, voksen
  • Aschehoug, 2017
  • 265 s.

Norsklærer, Kirsten Elisabeth Larsen

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s