7 døgn for oss – Ein ungdomsroman om å finne seg sjølv og vegen dit

7 døgn for ossRomanen 7 døgn for oss er eit samarbeid mellom den norske forfattaren Charlotte Glaser Munch og den danske forfattaren Anja Hitz. Begge har gitt ut fleire bøker for barn og ungdom tidlegare, men dette er første gong dei skriv ei bok saman. 7 døgn for oss blei gitt ut på Cappelen Damm i Noreg og på det danske forlaget Haust & søn på same tid i 2015.

Romanen handlar om tre jenter på seksten år. Kat frå Danmark, Silje frå Noreg og Tessa frå Sverige. Dei har til felles å skulle vere ei veke på ein sommarcamp for ungdomar i Sør-Sverige. Jentene trivst ikkje på campen av ulike grunnar, og då Kat blir utvist, ser alle dei tre jentene ei moglegheit til å kome seg vekk i ein stolen bil med schæferen til eigaren i baksetet. Dei tre jentene har alle sine problem å hanskast med: Tessa slit med mora som har full kontroll over ho. Silje tek «lykkepiller» og taklar ikkje at ein gut frå Åre har lagt ut nakenbilete av ho på Internett. Kat har ein far i Lofoten ho aldri har møtt, og jentene blir samde om å finne han. Bilturen nordover blir eit spennande prosjekt der alle tre prøver å løyse problemet til den enkelte. Mora til Tessa får dei tre jentene etterlyst, og ho følger sjølv spora deira heile tida.

7 døgn for oss er ei bok som er lett å lese, først og fremst fordi setningane er korte og ukompliserte. Ordvalet er i nokon grad tilpassa kommunikasjonen mellom tre ungdomar frå ulike land, då ein finn innslag av moderne ungdomsspråk i form av frasar på engelsk. Romanen eg las, var på norsk, men her finst òg innslag av svenske og danske ord og uttrykk, noko som gjorde leseopplevinga rikare.

Om du har sett filmen Thelma & Louise og kanskje lese boka Selma & Louise av Camilla Otterlei, då har du vore med på ein liknande «roadtrip» før.  At 7 døgn for oss er «i same gate» gjer ikkje leseopplevinga keisam av den grunn. Både filmen og romanen til Otterlei speler nok med når ein les romanen til Glaser og Hitz, men dei tre jentene er unike, og det dynamiske samspelet mellom dei får boka til å stå fram som eit sjølvstendig verk, sjølv om parallellane til tider kan vere nokså klåre. Problema jentene forsøker å ordne opp i langs vegen og i seg sjølve, er ikkje ukjente for ungdomar i dag, og slik sett meiner eg ungdomsboka vil nå fram til dei ho først og fremst var skriven for.

Boka tek til med at vi får vite kva Kat tenkjer på veg til campen: «En hel uke på egoleir! Hvordan overlever jeg det? Først i bil med mor til fergen i Helsingør, et flakkende farvel – få det beste ut av det!» I del 1 blir den første dagen på campen fortalt gjennom kvar av jentene, som eg-forteljar, i kvart sitt kapittel. På denne måten får vi vite kva jentene synest om kvarandre, og dei ulike perspektiva underbygger at jentene er splitta og har lite til felles i utgangspunktet. I del 2 er forteljaren meir allvitande, men det meste av handlinga kjem fram gjennom dialogar mellom jentene. I del 3 er kapitla delt inn på same måte som i del 1, men her har jentene eit sterkt og positivt forhold seg i mellom. Oppbygginga og skifte av forteljar gir ein variasjon som gjer at ein slett ikkje blir trøytt av å lese boka. Ho blir heller vanskeleg å leggje frå seg.

7 døgn for oss er ei bok om å finne seg sjølv og om å finne vegen dit løysingar finst. Handlinga er truverdig, og her er òg god humor innimellom. Sidan det meste av handlinga går føre seg på ein «roadtrip,» kunne det ha vore fleire spennande hendingar langs vegen, og spenningstoppane kunne nokre stader vore høgare. Handlinga er ei lang reise i bil, men òg ei utvikling av venskap og tiltru til andre menneske. Eit døme på at jentene i løpet av bilturen har kome nærare kvarandre er telefonsamtalen mellom Tessa og mora:

-Er det hun danske häxan som har vridd hodet om på deg? Er hun sammen med deg nå? […] – Er du klar over hvordan du snakker om et av de to viktigste menneskene i livet mitt? Mor gir fra seg en hånlatter. – Et av de to … nei, vet du hva, Tessa. – Det er friuken min! sier jeg fast. – Og det er fortsatt to netter igjen. De skal jeg tilbringe med Kat og Silje i Lofoten, og så finner jeg hjem selv etterpå.

Boka hadde vore betre som heilskap, om fleire hendingar hadde vore mindre føreseielege, men det som skjer er truverdig, og meir action langs vegen hadde kanskje ført til at handlinga blei meir fjern frå røyndomen.

Charlotte Glaser Munch debuterte i 2001 med dagbokromanen Trylleslag. For den fekk ho Riksmålsforbundets barne- og ungdomspris. Ho har etter det gitt ut fleire ungdomsbøker. Anja Hitz har skrive mange barnebøker, men også to bøker for ungdom utanom boka ho skreiv saman med Charlotte Glaser Munch. Begge har hausta god kritikk for bøkene dei har gitt ut, og då er det vel ikkje så rart at ein sit med kjensla av at dette var ei god bok. I mi lesing av boka gjekk både kilometer og sider unna i høg fart, sjølv om eg er det ein kan kalle godt vaksen. Eg kom meg gjennom boka og fram til Lofoten utan for mange «pitstopp» langs vegen. Der romanen var mest spennande var nok då jentene var heime hos guten frå Åre, og som nemnt ovanfor, kunne boka hatt fleire slike høge spenningstoppar. Andre sider ved boka som eg likte godt, var innslag av slang og skandinaviske ord, og ikkje minst «roadtripmotivet» og køyreturen gjennom svensk landskap og langs E6 mot Nord-Noreg.


7 døgn for oss
 
er ei bok både om å finne seg sjølv og om å finne andre det er verdt å knytte nære band til. Som ungdomsbok inneheld ho mange motiv og situasjonar ungdom i dag vil kjenne seg att i. For dei som ikkje har nådd opp til førarkortalderen, kan ei forteljing om det å vere på vegen i stolen bil utan lappen vere spenning nok. Å rive seg laus frå ei terningkast 5kontrollmor kan òg skape mykje spenning, dramatikk og leseglede. Det same kan planar om hemn på grunn av mangel på nettvett vere. Danske Kat som har vakse opp med ein stefar og som leitar etter den biologiske faren sin, vil òg interessere ungdom, vil eg tru. Alt dette blir ei god ungdomsbok for dei over 13; og boka bør absolutt lesast!

Eg gir boka terningkast 5

                                              

Hans R. Hansen 2016

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s