Grete Kleppen: Uventa vendingar

Uventa vendingarForfattar: Grete Kleppen
Tittel: Uventa vendingar
Forlag: Samlaget 2015
Sjanger: Voksen, skjønnlitteratur
Sider: 205

Er du lei av føreseielege bøker? Romanen Uventa vendingar av Grete Kleppen er ikkje ei av dei. Forteljaren i romanen, ein forfattar, har isolert seg på ei øy, ein eller annan stad på norskekysten. Romanen opnar slik: «Korleis skal no dette gå? Kvar skal dette ende? spør eg meg sjølv idet eg set meg ned og skriv akkurat desse orda på ein skrivemaskin, det vil seie ein PC som ikkje tener til anna enn skriving.»

Dette er metafiksjon, eit typisk trekk ved postmodernistisk litteratur. Gjennomgangshandlinga dreier seg om livet i vintermørket på den fråflytta øya. Det einaste kommunikasjonsmidlet er båten som av og til legg til kai med varer som eg-personen har bestilt frå butikken på fastlandet. Ei av dei uventa vendingane i romanen er at ho ein dag kjem over eit menneske som ligg tilsynelatande livlaus i fjøra. Dette blir problematisk for eg-personen, på fleire vis. Sidan eg-forteljaren allereie på første side innvier deg som er lesar i korleis boka blir til, blir du naturlegvis med på alle dei andre vendingane handlinga tar. Utan at du heilt forstår korleis det skjer, blir du elegant tatt med på reiser både i samtid og fortid, og møter ei rekke ulike personar. Ei reise til ei sydhavsøy, eit møte med skodespelaren Greta Garbo og ei skildring av to rødhåra gutar som rømmer frå eit fransk slott for å bli skodespelarar, er berre nokre eksempel på kva handlinga har å by på. Denne romanen fortener ein lesar som lar seg rive med og som ikkje set seg til motverge. Då går det nemleg bra til slutt!

Grete Kleppen (f.1953) er forfattar og omsettar. Ho er busett i Frankrike.

S

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s