Mitt forhold til lesing

En av klassene på vg1, studiespesialiserende, har skrevet om forholdet sitt til lesing. Ut av det kom det mange flotte tekster. Vi er så heldige å få dele noen av dem med dere her på Bibliotekbloggen. Her er en av tekstene.

 

Av Andrea Hanssen vg1

Engelske-magasinerEg skal fortelje litt om mine tankar og mitt forhold til lesing.

Lesing er noko eg har drive på med sidan eg var lita. Eg har alltid vore glad i bøker, og var med i diverse bokklubbar då eg var mindre. Noko som resulterte i at eg hadde eit soverom stappfullt av bøker til ei kvar tid. Ein bokstabel ved senga og ein bokstabel i stua ved sofaen. Eg kunne velje og vrake, og det var slik eg likte det. Eg drøymde meg vekk.

Mitt forhold til bøker er magisk. Når eg les ei bok som eg verkeleg liker, er det som eg koplar heilt ut av den verkelege verda. Den verda eg faktisk lever i. Eg berre koplar ut, drøymer meg vekk, og hoppar inn i ei ny verd. Ei verd full av dramatikk, romantikk, action og glede. Ei glede som du ikkje finn om du går ut døra, eller om du set på ein film. Det er ei spesiell type glede. Noko du føler når du begynner å danne eit forhold til karakterane i boka, ser for deg følelsane deira og føler med dei.

Eg har vel å merke blitt dårlegare på å lese bøker dei siste åra, noko som sikkert har samanheng med skole og alt arbeidet som følgjer med. Men noko som har tatt opp plassen til bøkene, er heilt klart tekstmeldingar. Frå eg fikk min første mobil for alt for mange år sidan, og rundt om ti mobiltelefonar etter det, har det blitt alt for mykje tekstmelding-sending og sms-lesing. Og for å vere ærleg så trur eg faktisk eg kan seie at eg er i overkant aktiv når det gjeld både tekstmeldingar og andre sosiale medium. Men som ei seksten år gamal jente, trur eg nok trygt eg kan seie at eg ikkje er åleine om det.

Noko anna som eg også les ein del, er aviser og magasin. Eg, som sikkert dei fleste andre jenter på min alder, les mange magasin. I hovudsak motemagasin. Kven elskar vel ikkje å drøyme seg vekk i store kjolar, glitrande sko med 10 cm høge hælar, og dei nye kreasjonane til MAC og Esteè Lauder? Lese magasin mens eg et oppskoren frukt og drikk fersken-te under eit pelspledd. Det er verkeleg kjærleik det.

Alt i alt vil eg seie eg les ganske mykje. For ikkje å snakke om alt eg les når eg er på skolen. Noko er meir interessant enn det andre, men lesing er det no fortsatt, og lesing kjem eg til å drive på med til om så auga mine streikar.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s