Mitt forhold til lesing

En av klassene på vg1, studiespesialiserende, har skrevet om forholdet sitt til lesing. Ut av det kom det mange flotte tekster. Vi er så heldige å få dele noen av dem med dere her på Bibliotekbloggen. Her er en av tekstene.

 

Av elev vg1

Å lese er noko ein gjer kvar ein dag, eigentleg heilt utan at ein tenkjer over det. Nokon interesserer seg for skjønnlitterære romanar og fagbøker, mens andre føretrekker å lese nyheitsartiklar eller sladder frå bloggar. Når du er på veg til skole eller jobb, køyrer du forbi ulike skilt i samanheng med trafikk som du er nøydt til å lese for å gjere det trygt for deg sjølv og dei andre trafikantane. På skolen bruker du mykje tid på å lese ulike fagtekstar avhengig av tema og fag du arbeidar med. Folk sender tekstmeldingar til kvarandre som aldri før over diverse sosiale medium som facebook, snapchat og instagram – for å nemne nokon.

NancyI dei fyrste åra etter at eg lærte å lese og skrive ord, var eg heilt besett av å gjere det. Noko av det beste eg visste, og som eg gikk heile dagen og gledde meg til, var desse såkalla lesestundene med mamma, kor ho leste forteljingar høgt for meg frå alle moglege sjangrar. Dette føregjekk heilt til eg var i stand til å lese på eiga hand. Lesing var noko eg brukte masse tid på, rettare sagt kvar ein kveld før eg falt i søvn. Krim var min favorittsjanger på barneskolen – noko som det enno er – mest på grunn av at det er dei mest spennande bøkene etter mi meining. «Nancy Drew-bøkene» var ein soleklar favoritt som eg ikkje kunne få nok av.

Etter kvart som eg blei eldre og begynte på ungdomsskolen, mista eg – som veldig mange andre ungdommar – interessa for lesing av bøker. Det var mest fordi at eg valte å prioritere å bruke meir tid på fotball og skole. I tillegg gjekk eg lei, og boka blei så godt som erstatta med mobiltelefonen min som eg no uheldigvis brukar alt for mykje tid på. No les eg for det meste berre tekstmeldingar, sportsnyheiter, sladder, heimelekser og nyheitsartiklar om ting som skjer i Noreg og verda generelt. Ofte kjem eg over ei overskrift som fangar merksemda mi, noko som resulterer i at eg ikkje klarar å la vere å lese innhaldet.

Eg håpar at eg klarar å motivere meg sjølv til å byrje med å lese bøker igjen, fordi at den skriveoppgåva her minte meg på kor mykje lesing ein gong betydde for meg, og kor fint og fornuftig det ville vore om eg hadde brukt kveldane på andre ting enn å surfe på Internett og tekste med venane mine.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s