Kva les eg?

En av klassene på vg1, studiespesialiserende, har skrevet om forholdet sitt til lesing. Ut av det kom det mange flotte tekster. Vi er så heldige å få dele noen av dem med dere her på Bibliotekbloggen. Her er en av tekstene.


Av Erling Stangnes (vg1)

BøkerEg er veldig glad i å lese. Eg plar lese ein god del på fritida mi; mest skjønnlitteratur, men òg nokre saktekstar. Ein vanleg ungdom (16-19 år) les bøker i gjennomsnitt berre åtte minuttar om dagen. Sjølv om tala kanskje ser dystre ut, er det meir og meir tekst som blir konsumert som ikkje er bøker. Samansette tekstar blir vanlegare blant ungdom, til dømes aviser.

Gjennom heile oppveksten min har eg blitt lese for. Foreldra mine starta tidleg å lese på senga, og så snart eg klarte å lese sjølv, gjorde eg det. Eg åt meg gjennom bok etter bok, og trudde aldri eg skulle stoppe. Eg har blitt rikare på bøkene. Eg har lært meg nye ord og frasar, eg har fått innsyn i korleis det er å vere ein annan person. Gjennom bøkene eg har lese har eg flirt, eg har grått, eg har blitt skremt og fått mareritt heile natta; og eg har verkeleg levd meg inn i karakterane. Dette er ikkje ei oppleving alle har hatt. Eg må nesten synest synd på den gjennomsnittsungdommen som eg refererer til i innleiinga, som berre les åtte minutt med bøker om dagen.

No når eg har blitt eldre, merkar eg ei endring i kva eg les. Eg har ofte ikkje tid til å sette meg ned med ei god bok og skikkeleg kose meg (sjølv om det er det eg vil), så eg les ofte mykje kortare, samansette tekstar; som regel i nettaviser. Etter Internett kom, har samansette tekstar på skjerm blitt meir og meir vanleg. Viss eg har fem eller ti minutt til overs ein gong, dreg eg opp telefonen og blar gjennom siste nytt. Det er så enkelt og raskt at eg gjer det heile tida når eg har tid til overs. Heile tre av fire ungdomar (16-24 år) les avisa på ein eller annan måte dagleg. Det vitnar om at vi ungdomar ikkje har slutta å lese, vi les berre litt andre tekstar.

Tekstmeldingar er eit anna døme der vi les andre ting enn førre generasjon. Det er jo òg ei type lesing, som er veldig ulik frå dei to typane eg har nemnt over. Der ein både i bøker og i aviser les ein lengre tekst som andre har skrive, utan å kunne gje så veldig mykje tilbakemelding, er SMS ei heilt anna form for kommunikasjon. Der må ein nemleg raskt oppfatte kva avsendaren meiner, og gje ein respons på det.

Eg les skjønnlitterære bøker, eg les avisartiklar, og eg les SMS-ar. Det er tre veldig ulike typar tekstar – bøker inneheld berre tekst, artiklar er samansette av bilete og tekst, og tekstmeldingar har eit heilt eige ungdomsspråk. Mi oppleving er at alle dei tre sjangrane er nødvendige, fordi kvar og ein av dei kommuniserer til lesaren på ulik måte. Det handlar om å få lesaren til å tru på ei forteljing; opplyse han om ei sak; eller overføre informasjon raskt. Vi ungdomar er omgitt av tekstar, og les heile tida.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s