Ruth Lillegraven, Manilahallen (2014)

Eit dikt. Eit liv

untitledRuth Lillegraven (1978) har allereie greidd å etablere seg som ei tydeleg røyst i den norske bokheimen. Ho debuterte i 2005 med diktsamlinga Store stygge dikt. Etter det har ho gjeve ut både barnebøker, romanen Mellom oss og diktsamlinga Urd som ho vann Brageprisen og bokbloggarprisen 2013 for.

Som det framgår av det Ruth Lillegraven har gjeve ut utforskar ho ulike sjangrar. Dette kjem ikkje minst til uttrykk i Manilahallen, ei diktsamling inndelt i ein prolog og fem påfølgande delar med kvar si overskrift. Kvar side er bygd opp av korte strofer, og somme av dei liknar figurdikt. Men undertittelen ”Eit liv” peiker og i ei anna retning: Samlinga er også ein biografi. Dette er Birgits livssoge; det er ho vi følger gjenom heile verket. Dette er så nennsamt gjort at teksten og framstår som eit romanfragment.

Manilahallen let oss altså møte Birgit, ei kvinne født i 1946 som Lillegraven faktisk har hatt mange samtalar med, og som har gjeve henne livshistoria si. 33 år gamal blir Birgit innlagt på Modum Bad, nærmare grava enn livet med sine snaue 38 kilo. Korleis har det seg at ho, ei livskraftig gutejente med hug på liv, leik og kunnskap, endar her? Og korleis går det med henne? Lillegraven skriv seg inn i Birgits liv med vørdnad. Her er sorg og glede, kjærleik og fortrengde hendingar, lengt og nærleik, smerte og sorg. Lillegraven let Birgits røyst skine gjenom teksten, men det er ho, skrivaren, som fint balanserer det mørke og lyse. Ei kraft i teksten er naturskildringa, som både gjev innblikk i Birgits sinn og fungerer som ei tekstleg kraft i seg sjølv.

Manilahallen er gripande og lettlesen, og opnar for å studere interessante aspekt ved både innhald og form. Ikkje minst er det sjangeroverskridande vel verd å utforske nærmare. I den samanhengen kan Paal- Helge Haugens punktroman Anne(1968) vere interessant å lese også.

 Kirsten Elisabeth Larsen, norsklærer

 

 

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s