Ei magisk lesaroppleving

Harry Potter og de vises steinTittel: Harry Potter og de vises stein
Forfattar: Joanne Rowling, (J.K. Rowling)
Sjanger: Fantasy
Forlag: Cappelen
Utgitt: 1999

Boka eg har lese heiter Harry Potter og de vises stein. Denne boka er skrive av Joanne Rowling. Boka er fantasy, og ho handlar om kjærleik, om vennskap og om det gode og det vonde.

Denne boka er først i bokserien «Harry Potter». Boka handlar om Harry Potter, men Ronny Wiltersen og Hermine Grang er andre sentrale personar. Desse tre hovudpersonane er trollmenn og dei går på den magiske skolen Galtvort, det er under opphaldet på Galtvort det meste i boka skjer. I byrjinga av boka forteljes det at Harry Potter sine foreldre er myrda av den mørkaste og verste trollmannen, Voldemort. Både mora og faren til Harry Potter døyr i forsøket på å redde guten, men Harry Potter overlever på eit mirakuløst vis.

Harry Potter og de vises stein har eit informativt språk og gode skildringar. Boka er spennande og lesaren blir stadig overraska over det som skjer i den magiske verda til Harry Potter. Språket er enkelt. Joanne Rowling brukar forholdsvis korte setningar, med eit munnleg språk. Ho bruker ikkje mange billde og metaforar i teksten sin, men eg sat ofte igjen med klare bilde da eg las. Joanne skriv levande og morosamt, og ho har ein utruleg evne til å trekkje lesaren inn i historia. Vi får lese om ulike magiske vesen og magiske objekt, det vil ein ikkje kunne lese om i ei kva som helst slags bok. Denne boka er heilt unik, eg har aldri lese noko liknande.

Harry Potter og de vises stein er Joanne Rowlings debutroman, og det er med den ho fekk sitt gjennombrot. Boka er skrive på skrivemaskin, Rowling satt og skreiv på caféar i Edinburgh. Forfattaren lykkast med å skape ein samanhengande heilskap gjennom heile boka, med ein slags «raud tråd». Joanne skriv slik at interessa blir fanga, ved å bygge opp spenning gjennom heile boka, der vi opplever forskjellige små høgdepunkt stadig vekk. Måten Joanne skriv Harry Potter-bøkene på, gjer at lesaren ikkje klarar å leggje frå seg boka, utan å spekulere seg i hel på kva som skjer vidare. Spenninga byggjer seg opp sakte, men sikkert gjennom heile boka, inntil vi kjem til eit høgdepunkt der vi får oppklaringa. Boka sluttar slik at det er lagt opp til at det kjem mange fleire bøker, noko det også gjer, Harry Potter og de vises stein er ein del av ein bokserie på heile sju bøker. Denne boka ga meg truleg den beste lesaroppleving eg nokon gong har hatt, eg vil anbefale alle frå 10 år og oppover å lese denne, og for så vidt alle dei andre Harry Potter-bøkene og.

Elev 11STCD

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s