Bokmelding av Harry Potter og fangen fra Azkaban

Harry Potter og fangenTittel: Harry Potter og fangen fra Azkaban
Forfattar: Joanne Rowling (J.K.Rowling)
Sjanger: Fantasy
Forlag: Bloomsbury
Gitt ut: 1999

Harry Potter og fangen fra Azkaban er den tredje boka i Harry Potter-serien, og etter mi meining heilt magisk å lese. Det er alle dei seks andre bøkene også. Rowling skriv så detaljert og så bra at det blir artig å lese. Harry Potter og fangen fra Azkaban handlar om Harry Potters tredje år på trollmannskolen Galtvort. Det som skil denne boka frå dei seks andre, er at det er den einaste Harry Potter-boka der den mørke trollmannen, fyrst Voldermort ikkje er med.

Det er også blitt laga filmar av Harry Potter som har blitt svært populær i verda. Boka er skrive av forfattaren Joanne Rowling, ei kvinne frå Yate, Gloucestershire nokre kilometer frå Bristol i England. Joanne Rowling var ganske fattig før ho gav ut bøkene. Nå er ho ein av dei rikaste personane i verda med ein formue på over 560 millionar pund. Det er selt over 400 millionar kopiar av Harry Potter-bøkene. Rowling fekk ideen om å skrive Harry Potter-bøkene da ho sat på eit tog på veg til Manchester.

Boka handlar om ein frykta trollmann som heiter Sirius Svaart som har rømt frå ein av dei mest berømte fengsla for trollmenn i heile trollmannsverda, Azkaban. Det Harry Potter ikkje veit er at Svaart har rømt frå Azkaban for å finne han. Det blir nok ein gong eit farleg år fylt med spenning på Galtvort for Harry Potter og vennene hans.

Boka startar i sommarferien til Harry. Når han ikkje er på Galtvort, bur han hos dei slemme «Dummlingene», som er hans onkel Viktor, tante Petunia og nevøen Dudleif.

Nokre veker før skolen startar, kjem Maggen som er Viktors søster. Når ho begynner å prate stygt om Harrys foreldre, endar det opp med at Harry bruker magi for å blåse ho opp til ein ballong. Maggen forsvinn opp i himmelen og Harry rømmar heimanfrå.

Slutten av boka handlar om at Harry og Hermine skal prøve å redde Sirius frå desperantane, (vakter hos Azkaban), dei kjem for å suge ut sjela til Sirius. Slutten er utruleg spennande med mange uventa ting som skjer. Det kjem fire bøker og fem filmar etter denne boka.

Eg synest boka er lett å lese, og når du først har begynt å lese, klarer du ikkje å legge ho i frå deg. Boka er spennande frå start til slutt med mange uventa ting som skjer.

I boka er det spesielt mange dialektord frå skogvaktar Gygrid og Harrys bestevenn Ronny Wiltersen. Nokre døme på dette: Gygrid: «Kjære Harry og Ronny, va med å drike te hos meg i etermidag klokka seks? Jeg komer og henter dere i borgen. Vent på meg i ingangshalen. Dere for ikke gå ut aleine. Ha det, Gygrid.» Ronny: «Han var sånn da jeg fikk’n av Perry». Det er mange replikkar, men samtidig mykje skildring av miljø og personar. Rowling er utruleg god på skildringar, og når du ser filmane etter å ha lese bøkene, er Galtvort heilt likt det du ser for deg når du les bøkene.

Harry Potter bøkene kan ein kalle «One of a kind». Dei er heilt spesielle og det er ingen bøker som ein kan samanlikne med dei. Historia er original og er skrive av ein heilt spesiell forfattar.

Boka er lett å leve seg inn i, ganske spennande og vanskeleg å legge frå seg. Spenninga er bygd opp til slutten i boka.

.K.Rowling har skrive nokre andre bøker, men ingen har blitt like kjent som Harry Potter. Ho har så klart gjort lykke med Harry Potter bøkene, med tanke på kor populære dei er blitt, og kor mykje pengar ho har fått. Eg synest ikkje at Rowling kunne gjort det noko betre enn å skrive desse magiske bøkene.

Elev 11STCD

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s