Idas Dans – en mors beretning

idas dansI Idas dans følgjer vi 18 år gamle Ida og hennar familie, når ho får vite at ho har leukemi, altså blodkreft. På dei knappe 300 sidene får vi følgje ho gjennom dei 14 siste månadene av hennar liv, gjennom oppturar og nedturar, gjennom latter og tårar, smerte og glede. Dette er ei utruleg sterk bok, som det nesten er umogleg å ikkje bli treft av. Boka, som er ein biografi, og ei sann historie, er utgitt på Dinamo Forlag, og kom ut i 2005.

sitat1Idas dans er ei bok full av kjensler som går rett inn i handlinga, der den startar med Idas diagnose, og slutter med Idas død. Språket er hovudsakleg enkelt, men sterkt, og får lesaren til ikkje å ville slutte å lese til trass for tårane som kjem rullande nedover kinnet. Det er lett å føle med Ida, å heie på ho i medvind, og å sørge med ho i motvind. Likevel er det ikkje berre Ida lesaren får medkjensle med, for det har ein del å seie at boka er skrive av mora til Ida, Gunnhild Corwin, og ikkje av Ida sjølv. Vi får dermed ein heilt annleis synsvinkel enn om vi hadde fått høyre historia gjennom kreftpasienten sine auge. Gunnhild skriv med ein veldig personal vinkel, der ho deler og beskriv tankar og kjensler. Gjennom heile boka får vi eit innblikk i at sjølv om det er vanskeleg å vere kreftsjuk, så er det langt i frå lett å vere forelder til ein som er dødssjuk heller. Ho blir nøydt til å stille opp og vere ein støttespelar for dottera. Etter kvart må ho også hjelpe ho med alt frå å halde motet oppe når alt ser mørkt ut, til å halde beina hennar oppe, når biverknadene truar med å gjere ho lam.

Eit verkemiddel som står særlig sterkt i boka, er kontrastar. Glede og sorg, kaos og orden, frisk og sjuk. Likevel er det nok kontrasten mellom liv og død som er tydeligast. Ida, som før var ein talentfull, aktiv, sterk og sunn dansar, med både skole, vennar og kjæraste å tenkje på, blir brote sakte, men sikkert ned til å bli ein svak, sengeliggande kreftpasient. Gjennom heile boka svingar det mellom store oppturar, og nedturar, og det skal ikkje mykje til for å gå frå utrøysteleg sorg til ekstatisk glede, og motsett. Dei lærer seg til slutt å leve dag for dag, og ta ting som dei kjem. Dette er noko eg trur alle kan bli flinkare til å gjere, i eit samfunn der alt er basert på framtida, og handlar for lite om å gripe dagen og å leve her og no.

sitat2Boka Idas dans er ei viktig bok med eit sårt og vanskeleg tema. Sjølv om temaet i boka er sjukdom og død, handlar Idas dans like mykje om kjærleiken til livet. Vi finn gjennom heile boka refleksjonar og tankar om livet og døden, og ein gjer seg automatisk opp nokre tankar sjølv når ein les. Eg tok meg fleire gongar medan eg las i å tenkje over kor skjørt livet er, og kor lite som skal til for å påverke det. Boka får ein kanskje til å sette meir pris på livet, sjå ting i perspektiv, og at ein bør sette pris på å vere frisk, for ein veit aldri når og kven sjukdommen rammar. Eg vil anbefale Idas dans, til både ungdom og vaksne, gutar og jenter. Dette fordi det er ei sterk bok, som verkeleg set spor i lesaren, og som viser på ein vakker måte, at nokre gongar overvinn dessverre ikkje kjærleiken alt.

Elev 11STCD

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s