Fittekvote

FittekvoteBoka Fittekvote er ein lettlest roman skriven av Axel Hellstenius og Morten Skårdal og blei utgitt i 2010 i samarbeid med forlaget Cappelen Damm. Axel er ein norsk forfattar og Morten er norsk offiser i forsvaret, men også forfattar.

I romanen møter vi mange personlegdommar, men dei vi blir mest kjent med er kjærasteparet Victoria og Christian. Victoria jobbar i sin eigen frisørsalong saman med mora si. Christian har søkt på befalsskolen og er veldig klar for å gi alt. Christian og Victoria er på veg til Rena leir da Christian plutseleg blir svært overraska. Victoria har også søkt på befalsskolen. Christian blir rett og slett oppgitt. I militæret er det veldig strengt rundt det å vere kjærastar. Dette er Christian fullt klar over og tenker konsekvensar med ein gong. Vil dette gå utover hans sjansar? I denne boka følger vi opphaldet til Victoria og Christian i militæret tett. Korleis kjem det til å gå? Klarer dei befalsskolen?

Boka var lett å lese. Det var bra lengde på setningane og språket var variert, frå banning til sex, men som forventa med tanke på at det var ei bok om militæret. Eg synest at handlinga i begynninga blei litt død, men så skjer det ein spennande vending litt inn i boka som er overraskande. Vi får eit reelt bilde av korleis det er i militæret. Gode beskrivingar bidrar til at ein får følelsen av at ein sjølv er der. Boka har fått meg til å tenkje litt annleis på korleis det er i militæret.

Forfattarane synest eg har gjort ein bra jobb med boka. Dei beskriv grundig det som skjer i militæret og korleis det kan vere ei påkjenning både fysisk og psykisk.

Terningkast4Boka Fittekvote gir oss eit innblikk i kjærasteparet Christian og Victoria sitt opphald på befalsskolen. Boka passer til dei som er, skal eller har vore i militæret, men er sjølvsagt ei god bok som alle over 13 år kan lese. På terningen landar eg på ein 4-ar.

11STC

                                                                                       

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s