Moonwalking med Einstein

Kunsten å hugse alt

MoonwalkingTittel: Moonwalking med Einstein
Forfattar: Joshua Foer
Sjanger: Vitskapsroman
Forlag: Forlaget Press
Utgåve: 1. utgåve, 1.opplag 2013

I boka blir vi kjent med forfattaren Joshua Foer som også er hovudpersonen i boka. Han er ein «vanleg mann», som meg og deg, og har ikkje nokre superkrefter eller spesielle evner. Han jobbar som journalist og kjem over det amerikanske meisterskapet i å hugse. Det er der alt forandrar seg, og det viser seg at Joshua Foer skulle bli vinnar av ein slik konkurranse.

Boka er ikkje skrive i kronologisk rekkjefølge og kan til tider vere «rotete» med tanke på tida handlingane skjer i, og dette kan ha ein effekt på forståelsen av boka. I boka finner ein få dialektord og banning. Ein kan seie at boka er skrive svært sakleg i forhold til mange andre bøker. Med tanke på at dette er ein vitskapsroman er boka bra skrive, når det gjeld språk. Temaet i boka er både fengande og spanande. Har du nokon gong gått inn i eit rom, for så fullstendig å gløyme kva du skulle i dette rommet? Eller har du nokon gong gløymt kvar du har lagt bilnøklane? Ved å lese denne boka og få eit innblikk i korleis vi hugsar, kan du utvikle ein eigen teknikk slik som Foer gjorde for å bli ein av dei beste i verda på akkurat kunsten å hugse. Etter å ha lese boka vil ein få nytt syn på vanlege ting som å hugse bilnøklar, barnebursdagar og vanlege ting, som kva ein skal kjøpe i butikken.

Boka byrjar gradvis og skildrar mykje av livet til Foer, men det er samanhengen og vitskapen ein får ut av boka som er spanande

Boka var ikkje lett å leggje frå seg, og det går fort eit par kapittel i slengen. Det er ofte ein stoppar etter eit avsnitt og reflekterer over kva ein har lese. Så eg vil konkludere med at det er ei indre spenning i boka. Dette kan og vere grunnen til at det ikkje er ein bestemt spenningstopp. Eg vil ikkje røpe slutten av boka, men eg kan seie så mykje som at livet vil endre seg etter å ha lese den.

Moonwalking med Einstein er debutboka til Joshua Foer, og er også den einaste boka han har skrive. Det at dette er den første boka hans er utruleg, fordi han lykkes så godt med boka, og det å få fram bodskapet mellom linjene, at ein nokre gongar får bakoversveis og byrjar å tenke og reflektere over det han har skrive. Dette er ei av dei mest interessante bøkene eg har lese. Eg håper at Foer lager ein oppfølgar, og lar vere å gjere noko annleis, fordi denne boka kan så å seie kallast perfekt.

terningkast 5Har du nokon gong gløymt noko? Les boka, og du vil ikkje lengre gløyme kvardagslege ting. Alle som går på skole treng å merke seg teknikkane Foer dreg fram i boka. Da vil dei lære å hugse betre. Eg kjenner eg hugsar ting betre etter å ha lese boka. Denne boka har vore til stor hjelp til å pugge til prøver og berre hugse alt av lekser og liknande.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s