Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant

HundreåringenForfattar: Jonas Jonasson
Tittel på boka: Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant
Sjanger: Skjønnlitterær
Forlag: Piratforlaget
Omsettar: Elisabeth Bjørnson
Sider: 515

Hovudpersonen i boka er den hundre år gamle mannen, Allan Karlsson. Allan er ein gammal mann som elskar å sprenge ting i stykkar og å drikke. I boka hamnar han opp i forskjellige situasjonar, nokon morosame, nokon alvorlege og han møter stadig nye folk som får ein viktig betyding for forteljinga. I boka går vi både tilbake og ser på kor han har vore, og kven han har møtt, men vi ser også kva som skjer no og korleis han kjem seg ut av ulike situasjonar han hamnar i.

Språket i boka er veldig enkelt, men samtidig ikkje barnsleg. Det er nokon banneord, men det er berre når det er replikkar. Det er nokon stader i boka der dei snakkar eit anna språk, som svensk, engelsk og litt spansk. Men det er berre i nokon få replikkar, så det gjer så å seie ikkje noko. Det er også litt dialekt, men det er også berre i replikkane.

Boka er verkeleg original, det er ikkje nokon andre bøker som kan minne om denne. Boka går også inn på historia frå 1900-talet på ein humoristisk måte, og det er også ei utruleg morosam forteljing i notida. Denne boka har fått mange gode kommentarar frå forskjellege aviser og andre kjente forfattarar.

 «Jeg har lest verre skitt enn dette». – forfattaren sin onkel Hans.

Boka startar med at Allan er på gamleheimen, men det som er spesielt med denne dagen er at det er bursdagen hans og at han fyller 100 år. Både lokalavisa og ordføraren er til stades, men før det blir servert kaffi og kake til alle på gamleheimen klatrar Allan ut igjennom vindauget på soverommet sitt og stikk av. Han kjem seg til ein togstasjon og kjem seg på eit tog, men før han går på toget møter han ein mann som gjev han ein koffert som han skal passe på medan han er på do. Det han ikkje veit er at i kofferten er det 50 millionar kroner, og at han som eigde kofferten er kriminell. Etter ei stund blir han kjent med nokre andre som blir rive med inn i rotet om den sakna 100-åringen, dei stolne pengane og andre ting som ingen av dei hadde sett føre seg kom til å skje med dei i heile sitt liv.

Dette er debutboka til forfattaren, og han har berre skrive ei anna bok: Analfabeten som kunne regne. Denne selde også godt, og er utgitt på forskjellige språk. Det einaste eg synest kunne ha vore gjort annleis er dei kapitla der det er tilbakeblikk. Dei kunne gjerne ha vore litt kortare, sidan nokre av dei går over 30 sider, og det synest eg blir litt for langt.

Terningkast4Boka Hundreåringen som klatret ut igjennom vinduet og forsvant er ei morosam bok og eg ville gjerne ha anbefalt den vidare til nokon som likar morosame bøker, men ein må vite litt om historie frå 1900-talet for å forstå samanhengen. Boka er også litt tjukk, så den er kanskje ikkje for dei som mistar motivasjonen av tjukke bøker. Men, den  finst på lydbok, og det er også laga ein film av boka. Boka passar best for ungdomar og vaksne. Eg gir boka terningkast 4.

Elev 11stc.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s