Den beste boka ever! «Red Rising»

Rød revoltTittel: Red Rising (Røde revolt er den norske tittelen)
Forfattar: Pierce Brown
Sjanger: Thriller, Science fiction
Forlag: Aschehoug & Co
Omsettar: Torleif Sjøgren-Erichsen
Sider: 435 (cover-utgåve)

Red Rising er ei bok du ikkje kan leggje frå deg. Da eg las boka blei eg dradd inn i ei heilt anna verd. Verda forfattaren har laga er i ei alternativ framtid, kor jorda held på å gå under og dei raude, som er den lågaste rangerte fargen, grev på Mars for å finne helium 3, slik at Mars kan bli mogleg å bu på. Det er mange trådar som du ikkje legg merke til først i historia, men mot slutten møtest alle trådane og du skjønner mykje meir av det som verkeleg har skjedd.

Forfattaren er berre 26 år, men han er ein heilt utruleg forfattar. Debutboka Red Rising var ute for sal i oktober i fjor (2014), medan hans andre bok Golden son kom i starten av 2015. Pierce Brown har faktisk blitt nominert til den kjekkaste forfattaren i verda.

Darrow er ein rustraud, ein medlem av den lågaste kasten i fargekoden i framtidsverda. Alle dei rustraude jobbar heile dagen med å grave fram helium 3, slik at om nokre generasjonar er Mars mogleg å leve på. Det var dette dei trudde i alle fall. Heilt til kona hans, Eo, og han finn ut at alt saman er ei løgn. Eo blir hengt for å synge ein forboden song, medan Darrow seinare blir forma til ein gyllen for å gjere verda betre for dei andre. Dei gylne er dei høgaste rangerte, men dei blir også delt opp etter kor «bra» dei er. I boka må Darrow bli best, men det er ein hard og farleg veg.

Når du først kjem inn i boka er den ekstremt spennande, og det er alltid eit mål hovudpersonen må nå. Ein del meiner at Pierce Brown er den nye fiction-superstjerna, og det er eg heilt einig i. Då eg hadde lese ferdig Red Rising, gjekk eg rett til biblioteket og lånte bok nummer to, Golden Son. Eg anbefaler denne boka på det sterkaste for alle over 13 år. Det er ein del replikkar i teksten og ein del beskrivingar. I replikkane er det ofte banneord og det kan av og tel vere nokre vanskelege ord. Det er på grunn av banninga og dei vanskelege orda at ein bør vere over 12 år.

Boka begynner med beskriving om korleis det er å leve som ein rustraud, men det går ikkje lang tid før handlinga startar. Det er både ytre og indre spenning. Den ytre spenninga er krigen, mens den indre er at Darrow saknar Eo og må halde på ei stor hemmelegheit. Denne hemmelegheita ville han ha blitt drepen for. Boka har ein del vendepunkt, nokre av dei var veldig overraskande.

Boka Red Rising handlar om at alle er like mykje verdt og i denne forteljinga er det farga di som fortel kven du er. Eg vil anbefale boka til alle over 12 som liker denne sjangeren. Det er den beste boka eg har lese i heile mitt liv!

Elev 11STCD

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s