Bokmelding av Forrest Gump

Forrest GumpForrest Gump er ei bok skrive av forfattaren Winston Groom. Boka blei utgitt i 1986, på norsk av forlaget Cappelen Damm i 1996. Boka er ein blanding av komedie og drama. Den handlar om Forrest Gump. Forrest er ein mentalt tilbakeståande mann med IQ på berre 70. For det meste sit han på ein benk og fortel si livshistorie til tilfeldige som vil høyre på. Forrest Gump har vore med på ganske mykje, blant anna Vietnamkrigen, bordtennismeisterskap og han har også vore musikar. Han har vore med på det meste.

Boka var ikkje så vanskeleg å lese. Det var eit ganske lett språk. Det var nokre vanskelege ord, men forståeleg for dei fleste. Boka hadde lange setningar og for min del blei det litt for kjedeleg. I heilskap var ikkje boka noko spennande, forutan når Forrest Gump var på oppdrag i Vietnam.

Det er brukt mykje dialekt, men det er ikkje vanskeleg å forstå. Elles er det eit fint språk, utan noko banning og stygge ord, med nokre unntak. Det er også ein del ganske enkle sitat som alle forstår, og dei får deg til å reflektere over livet. Språket i boka passar ganske bra til temaet i boka.

Sjølve boka er eigentleg ganske spesiell. Boka startar med at ein får eit innblikk i kvardagen til ein amerikansk gut som ikkje kan gå ordentleg og som i tillegg er tilbakeståande. Vietnamkrigen, rekefiskinga i sør og dei kjente gule skolebussane er med på å forsterke inntrykket. Det er ei kreativ bok, men eg synest at det er litt for langt i mellom hendingane.

Boka startar ganske langsamt og det tar ei stund før den kjem i gang. Boka beskriv mykje i starten, personane og omgivnadane. Starten er ganske keisam, men etter kvart når ein kjem ut i boka, begynner det å bli meir spennande. Det var også fleire overraskingar, noko som gjorde at den var spennande. Boka var litt opp og ned. Nokre plassar var det ganske spennande og eg klarte ikkje å legge boka frå meg, mens andre plassar var det kjedeleg.

Boka er lett å leve seg inn i, men berre i dei spennande periodane. Der beskriv forfattaren veldig godt, både følelsane og omgjevnadene. Det er ei slags indre spenning i boka som gjer handlinga litt interessant. Vendepunktet er nok når Forrest stoppar å fortelje og drar til sin barndomsvenn.

Winston Groom er ein gammal amerikansk forfattar. Han har skrive mange bøker, både romanar og sakprosa. Forrest Gump er den mest kjente boka han har skrive. Debutboka hans er Better times than this og den kom ut i 1978.

Terningkast4Winston er veldig god til å beskrive følelsar og omgjevnader. Han greier å skape eit bilde hos lesaren og gir lesaren ein følelse av å vere med der det skjer.

Alt i alt gir eg boka eit terningkast 4. Det er fordi det blir litt keisamt til tider å lese den, men viss ikkje det hadde vore nokre spennande episodar hadde terningkastet vore dårligare. Beskrivinga er også noko som gjer boka litt betre. Boka er også filmatisert, og eg synest filmen er betre. Derfor anbefaler eg heller å sjå filmen.

 Elev 11STCD

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s