Bokmelding: 21 dager

21dager_riss.inddThrilleren 21 dager skriven av Sidsel Dalen, blei utgitt av forlaget Aschehoug & Co i 2013. Forfattaren var nominert til Rivertonprisen for denne boka, ein pris som går til årets beste, norske krimlitterære arbeid.

Sidsel Dalen (født 1969) er ein norsk romanforfattar. Ho har bakgrunn innan journalistikk og PR-rådgiving, i dag er ho frilansjournalist. 21 dager er faktisk berre den andre boka ho har skrive, debuten hennar var i 2011 med boka Dødelige dråper.

Boka 21 dager handlar hovudsakleg om handel av menneske og korrupsjon i oljebransjen, og menneska rundt desse hendingane. Blant anna politikarar, leiarar i oljebransjen, ein sta journalist som mistenker korrupsjonen og to søstrer selde frå Moldova. Anna, den eldste søstera, er tvungen ut i prostitusjon, mens litlesøstera har hamna hos den brutale halliken deira. Halliken har berre eitt prinsipp: han sel ikkje barn. Om 21 dagar er Irina tretten og ikkje lenger eit barn, derfor må Anna finne ho, før det er for seint.

I boka følgjer vi mange forskjellige folk, som alle er knytt til kvarandre på ein eller annan måte. Vi får dermed høyre tankane deira og synspunkta, noko som fekk meg til å forstå meiningane og handlingane deira betre. Eg synest det er bra at vi får tankane og synspunkta til alle dei forskjellege folka, det gjer det variert og igjen lettare å leve seg inn i historia.

Språket i boka er variert, forfattaren har vore flink til å justere språket etter situasjonen. Det er noko bannskap og uformelle ord, men det er i situasjonar der det språket passer. Til døme var det mykje bannskap og «slangord» i samtalane mellom folk frå Oslos narkomiljø, medan samtalar mellom rike folk frå Oslos vestkant var meir fint og ordentleg.

Boka 21 dager grip deg frå første stund, då handlinga startar med eit drap. Boka er spennande stort sett heile tida, Dalen klarer å bringe spenninga til ein topp på slutten av kvart kapittel, så startar det neste kapittelet med ein annan person. Dette gjer at du berre må lese vidare.

Boka 21 dager er ei spennande bok eg synest passar for både ungdom og vaksne. Situasjonane i denne boka er ikkje akkurat noko eg klarer å kjenne meg igjen i, men Dalen skriv på ein så god måte at eg klarte å leve meg utruleg godt inn i boka. Ho hadde gode skildringar, klarer å justere språket etter situasjonen og skriv veldig truverdig. Personleg terningkast6synest eg bøker med ein journalist som prøver å grave fram sanninga er ganske klisjéaktig, men Dalen klarer å skrive på ein så god måte at ho klarer å gjere boka original og utruleg spennande. Om du er ein som elskar spenning, anbefaler eg denne boka på det sterkaste. Ikkje berre kjem du til å slite med å legge boka frå deg, men den er og lett å leve seg inn i.

Terningkast: 6

Elev, 11STD

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s