Throne of Glass

Det var ein gong ein ung snikmordar, med moglegheita til å sleppe fri.

Throne of glassTittel: Throne of Glass
Forfattar: Sarah J. Maas
Utgivingsår: 2012
Sjanger: Fantasy
Forlag: Bloomsbury

Etter å ha jobba eit år i saltminene i fengselet Endovier for lovbrot, blir 18 år gamle Celaena Sardothein tilkalla av kronprinsen. Prins Dorian kjem med eit tilbod; Ho kan vere hans representant i ein konkurranse for å finne kongens nye «Meister», og i bytte får ho fridomen sin. Viss ho vinn.

Konkurrentane hennar er alle menn: Tjuvar, snikmordarar og soldatar frå heile kongeriket, som alle representerer og blir sponsa av ein frå kongens råd. Viss ho slår konkurrentane sine i ein rekke konkurransar, må ho jobbe som kongens snikmordar i fire år for å bli frigitt.

Celaena trenar kvar dag med kapteinen for vaktene, den kjekke Chaol Westfall, som etter kvart må dele merksemda hennar med prinsen sjølv. Men under konkurransen blir konkurrentane, ein etter ein, funnen daud på slottet. Kan Celaena finne mordaren før ho sjølv blir eit offer? På toppen av alt rotar ho seg inn i slottets hemmelege gangar, og ein skjebne ho aldri kunne ha drøymt om.

Throne of Glass er relativt lett å lese. Det er ikkje alt for lange kapittel og boka er skriven på ein enkel måte. Boka har 416 sider, så for nokon blir ho kanskje litt lang, men når ein startar å lese, flyg sidene, og boka er over alt for fort. Historia sluttar ikkje på siste side, og ein hoppar rett på oppfølginga når ein er ferdig. Foreløpig er det berre skrive tre bøker, men fleire er undervegs.

Det er ein klar spenningskurve som blir bygd opp mot finalen av konkurransen, den siste duellen, og du kjeder deg aldri. Boka er full av små og store overraskingar, med akkurat nok mellomrom til å trekke pusten. Det blir sleppt mange hint om ein større «storyline», som vil gå igjennom heile serien, og ein får ei kjensle av at konkurransen berre er innleiinga på historia. Men ikkje tru nummer ein er kjedeleg av den grunn! Viss du ser etter ei bok pakka med spenning, som er fantasifull og lettlesen, er dette boka/bøkene for deg.

Skrivemåten i boka gjer det lett å leve seg inn i den, og ho er skriven i tredje person. Det at me får sjå historia frå forskjellige perspektiv, igjennom fleire karakterar, gjer at det heile tida blir forandring, og boka blir aldri einsformig. Det er mykje skildring, men også dialog. Skrivemåten passar boka veldig godt, med mykje handling, men også beskriving.

Boka har forandra perspektivet mitt på fengsel og kriminelle for alltid. Det at historia er om ein snikmordar, ikkje ei vanleg jente eller ein prins, gjer den veldig unik og ny. Me får vite korleis livet som kriminell er og korleis det er i fengsla. Boka kan minne litt om boka The Selection, av Kiera Cass, som også omhandlar ein konkurranse på eit slott, men Trone of Glass er mykje meir spennande og banebrytande.

Boka startar rett på sak, og spenninga startar på side ein. Etter det er det for seint, ein kan ikkje stoppe! Eg synest Sarah J. Maas har gjor ein utruleg bra jobb med den første boka ho skreiv. Ho fanga interessa mi og slapp aldri taket. Eg finn nesten ingen feil med boka, bortsett frå at kjærleikshistoria mellom Celaena og dei to mannlege hovudkarakterane kanskje er litt treig. Men eg ville ikkje bytta ut eit ord i boka!

terningkast6Throne of Glass er absolutt eit must for fantasy-elskarar. Den har full pakke, og er ei av dei beste bøkene eg har lese. Bodskapet er mogleg å tolke på mange måtar, men eg tolkar det slik: Ikkje alle som gjer noko gale er slemme folk, og ikkje alle som gjer noko rett er gode folk. EIn burde ikkje døme folk før ein kjenner dei, og alle kan forandra seg. Eg anbefaler denne boka til alle over fjorten år, og håpar boka bringar deg like mykje spenning som ho gav meg.

Ha ei god bok !

Elisabeth, elev 11STCD

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s