The Bone Season. Drømmegjengeren

DrømmegjengerenThe Bone Season vart gitt ut i 2013 av forfattaren Samantha Shannon. Det er den fyrste boka i ein planlagt serie på sju. Boken vart gitt ut av same forlaget som gav ut Harry Potter – Bloomsbury. Boka er hovudsakleg fantasy og dystopi.

Hovudpersonen, Paige Mahoney, lever i Scion – eit dystopisk Storbritannia. I denne verda finst det «klarsynte» menneske – menneske som kan sjå eller påverke ein annan dimensjon som eksisterer parallelt med den verkelege verda. Scion jaktar på klarsynte, og sender dei til fengsel – eller henrettar dei. Når Paige drep to politibetjentar på toget, begynner Scion å jakte på ho – og ho må flykte.

Boka er tjukk – 480 sider – men ho er skriven på ein slik måte at ho ikkje er noko problem å lese. Ein treng berre tolmod nok til å komme seg gjennom heile boka. Ho har eit eige ordforråd med dialektord, noko som gir lesaren ein følelse av at det ikkje er «dagens» London, men eit London frå ei anna tid og ein annan stad. Ordval og flyt passar perfekt inn i rammeverket til boka, og kombinert med eg-forma i boka gir det ei god innleving i handlinga.

Ved fyrste blikk kan boka minne om ei gjennomsnittleg fantasybok – overnaturlege krefter, eit «ondt» styre, og så vidare – men når ein fyrst begynner å lese, merkar ein at det ikkje er slik i det heile tatt. Ein av sjangrane boka tilhøyrer er «dystopia» – og det merkar lesaren gjennom heile boka. Dei færraste fantasybøker er slik. Den nærmaste analogien ein kan dra er mot den siste Harry Potter-boka – dei liknar ein del – spesielt i den fyrste halvdelen av bøkene.

Boka sluttar veldig plutseleg – mange spørsmål er besvarte, men enda fleire er ubesvarte. Slutten er ikkje som ein slutt; den hadde meir action enn resten av boka og sluttar brått. Det er forståeleg, sidan det skal komme fleire bøker, men det kan vere ergerleg for dei som las boka med ein gong ho kom ut.

Handlinga er spennande, med gode utdjupande beskrivingar av samfunnet, personar og situasjonar.

Samantha Shannon vart født i 1991 i London. Ho gjekk på Oxford, og var ferdigutdanna i 2013 – same år som ho ga ut The Bone Season. Seks nye bøker er planlagt i serien – ei av dei er publisert allereie.

Boka er sterkt anbefalt for lesarar av fantasy, og folk som likar ein sta, sterk hovudperson.

Elev 11STC

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s