Evig søndag av Linnéa Myhre

Evig søndag Tittel: Evig søndag
Forfattar: Linnéa Myhre
Sjanger: Roman Sider: 193
Utgjevingsår: 2012 Forlag: Tiden
Format: Innbunden

 
Da eg las Evig Søndag, var det ikkje søndag. Det var onsdag, men likevel gav boka meg ei stemning eg berre får på søndagar. Livet stoppa opp, omverda slutta å ha tyding, og alt eg brydde meg om var å lese vidare.

Evig søndag er skrive av Linnéa Myhre og skildrar eit år i hennar liv. Dette er Linnéas første bok. Boka er publisert som ein roman, men skrive som ei dagbok. Grunnen til dette veit eg ikkje, men eg synest det verkar logisk at Linnéa har valt å kalle den ein roman for å gi seg sjølv litt avstand frå hovudpersonen i boka. Noko så ærleg og ekte som dette set ho i ein veldig sårbar situasjon.

evigsøndagsitatOm eg skulle beskrive boka med eitt ord, ville eg valt naken. Alt frå det enkle omslaget til alle følelsane, til det ærlege språket. Språket er veldig enkelt, med korte setningar. Linnéa gøymer seg ikkje bak store, vanskelege ord når ho skriv. Ho skriv ærleg og rett frå levra. Dette er med å bidra til at dei snaue 200 sidene er lese på eit augeblink.

Evig søndag startar med noko som skal vere eit vendepunkt for Linnéa. Ho har atter ein gong hatt eit samanbrot og vandrar no i Oslos gater utan å vite noko om kvar ho skal. Ho får ei melding med ein klar beskjed om å oppsøke psykolog. Dette gjer ho, og ho blir fast pasient hos psykiateren Finn.

Resten av boka er fylt med tilbakeblikk til barndommen hennar, skildringar om dagar ho tilbringar i leilegheita si med ein svolten mage, rusa på sovepillar og timar hos Finn. Ein får høyre om kjærleiken hennar til mora og om undulaten hennar, Twitter.

Sjølv om boka ikkje har nokon stor handling og spenningskurva er ganske flat, så gir boka deg ein iver etter å lese vidare, slik berre dei beste bøker gir. Eg kunne ikkje legge ho i frå meg.

Denne boka har ikkje ein slutt. Dette er berre eitt år i hennar liv. Dette er det einaste som held meg frå å bryte ut i gråt når eg tenkjer på at eg er ferdig med boka. Eg vil ha meir. Eg må ha meir. Det er no over ei veke sidan eg las boka og eg klarer ikkje slutte å tenkje på den.

Eg vil anbefale boka til alle som kan lese og forstå, men i hovudsak til ungdom, fordi ungdom som veks opp i dag har lett for å tenke depressive tankar, og kan kanskje finne hjelp i denne boka. Den hjelpte i alle fall meg gjennom to heile dagar.

Elev 11STCD

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s