Ei lita perle om alt livet har å by på!

Den ene pluss enTittel: Den ene pluss en.
Forfattar: Jojo Moyes.
Sjanger: Underhaldningsroman.
Forlag: Bastion Forlag.
Utgitt: 2014

Boka Den ene pluss en er ein gripande roman om ei aleinemor med namn Jess Rae Thomas, som har to barn og ein stinkande hund. Dottera får ein kjempemoglegheit som mora dessverre ikkje har råd til å ta. Men ho fortel dottera at alt kjem til å gå bra til slutt, sjølv om ho kanskje ikkje trur heilt på det sjølv. Jess møter også ein arrogant datagrunder som viser seg å skulle gjere eit stort inntrykk på henne.

Boka er veldig lett skriven med mange replikkar og samtaler. Den har eit enkelt språk, men nokre plassar er den litt dårleg omsett sidan den originalt er skriven på engelsk. Boka er oppdelt slik at kvart kapittel er fortalt frå ein av hovudrollene sine synspunkt. Ofte kan også same handling bli fortalt fleire gonger, men frå forskjellige synspunkt. Boka er ei ekte bok om røyndomen i livet. Det blir ikkje lagt skjul på dei tinga som er vanskelege eller dei tinga som mange slit med. Boka er skriven på ein slik måte at du får kjenne på kva hovudpersonane kjenner. Dei forklarar korleis dei føler seg.

I starten av boka er det ein prolog som forklarar kva som har skjedd når situasjonen oppstår i boka. Men når du da startar å lese boka så er handlinga ein heilt annan plass. I starten var ikkje boka veldig gripande, det tok litt tid før eg klarte å leve meg inn i ho. Det er jo ei realistisk bok som handlar om ein familie som lever litt under gjennomsnittet. I store delar av boka skjer hendinga på ei reise og der blir historia sakte, men sikkert bygd opp. Det er eit høgdepunkt som er ganske tydeleg, men vendepunktet skjer over litt lengre tid.

Forfattaren heiter Jojo Moyes, ho er både forfattar og journalist. Ho ga ut si første bok i 2002, og etter det har ho gitt ut elleve bøker. Ho skriv på ein veldig gripande måte og det er mange små detaljar som gjer at ein må følgje godt med når ein les. Eg har lese to av bøkene hennar og ho klarer å gripe meg på ein måte få klarer. Ho er veldig flink til å putte inn små kommentarar som ein eigentleg ikkje legg merke til, men som gjer boka så mykje betre. Det er kommentarar om alt frå personar til samfunnskritikk. Boka er ikkje ein del av ein serie, men er ei heil historie i seg sjølv.

terningkast 5Boka Den ene pluss en er ein spesiell, romantisk roman. Familien i denne boka får ei stor moglegheit og dette fører til at dei drar på ei reise. Der opplever dei mykje og må takle fleire situasjonar. Eg likte boka veldig godt. Det er ei veldig koseleg bok som du lever deg godt inn i. Det er mykje handling på lita tid, og derfor blir du godt kjent med karakterane i boka. Dette er ei bok for både ungdom og vaksne. Eg gir boka terningkast: 5

Elev 11STC

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s