Sivert N. Nesbø, Skårgangar

SkårgangarSkårgangar er Sivert N. Nesbøs debutroman, og ein vellykka debut, må ein kunne hevde. Handlinga er lagt til Vestlandet, der odelsguten Johannes får ansvaret for småbruket etter at faren døyr. Arbeidet er strevsamt, og det blir ikkje enklare når sambuaren vel å reise frå han og garden. Livet til Johannes blir einsamt og innadvendt. Pliktkjensle held han fast til garden, medan lengten etter noko anna skin gjenom.

Romanen er delt i fem kapittel, der ulike forteljarar får sleppe til. Slik blir både staden, folka der og Johannes sett med fleire blikk. Naturen speler ei stor rolle, både på eit konkret og symbolsk plan. Nesbø viser eit stort talent i å skildre menneske i møte med ein natur som er både vakker og skremmande. Her er noko mørkt og foruroligande i underteksten, og menneske kan synast vere prisgjevne krefter dei ikkje vil eller kan kommunisere om, og heller ikkje rår over. Nesbø maktar å få fram dette i eit knapt og poetisk språk. Tittelen viser til gamal gardsdrift der graset vart slått med ljå, og bind slik notid og fortid saman. Han gjev og assosiasjonar til korleis teksten opnar noko skjult i eit landskap, slik ljåslåtten avdekkar ei eng og lagar vegar i i marka.

Dette er ein roman som ikkje slepp taket etter at ein er ferdig å lese.

Kirsten Elisabeth Larsen, norsklærer

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s