Ukens bok: Fange 59. Taterpige av Aina Basso

Fange 59Fange 59. Taterpige er ein kort og lettlest roman av Aina Basso (f. 1979).

Boka handlar om ei taterjente som lever i Trondheim ein gong midt på 1700-talet.

Det som slår meg med denne boka er forteljarmåten. Her er korte kapittel, mykje «luft» på boksidene og avsnitta står på ein måte åleine som sjølvstendige einingar.

Språket er fortetta – og nokre gonger er handlinga formulert som dialogar der mykje informasjon ligg i replikkvekslinga:

-Kor gamal er du?
-Seksten
-Kor er du fødd?
-Fødd? I Sverige trur eg
-Trur du?
-Ja, eg.
-Det kan vere det same. Kor er resten av følgjet ditt?
-Resten?

Kapitla er nemnde etter merkedagane jamdøger og solkverv, og alle avsnitta får noko poetisk over seg, sjølv om det heilt klårt er ein episk tekst.

Tankane til den reisande er både i kvardagen og hjå slekta på vegen.

Finne lyAina Basso skriv om rom-folket på 1800-talet i den neste boka si – som har mykje av dei same kjenneteikna. Men i denne romanen kjem det til at ho lar synsvinkelen veksle mellom tre av dei fire personane som handlinga dreier seg om.

Begge bøkene er sterke historier om jenter i utsette posisjonar og speglar ein del av historia vår som ikkje er så godt kjend.

Kari G

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s