Ei fantastisk forteljing om Zlatans liv

Jeg er ZlatanZlatan Ibrahimovic er ei av de største fotballstjernene i verda. Han er ein person som mange mislikar og mange elskar. Han er kontroversiell på mange forskjellige måtar, men han er likevel Sveriges kanskje største idrettsstjerne gjennom tidene.

Boka Jeg er Zlatan, med originaltittel Jag är Zlatan, er ein sjølvbiografi om Zlatan Ibrahimovic, fortalt av Zlatan sjølv til David Lagercrantz som har ført i penn. Boka kom ut november 2011, på forlaget Font.

Grunnen til at han ønska å fortelje om livet sitt er for å vise at han hadde det hardt i oppveksten og opp i gjennom åra, men likevel har han klart å kjempe seg til topps i verdas største idrett. Han fortel om så mange personar i denne boka, men nokre av dei viktigaste personane er familien, Motti og nokre av trenarane hans. Familien betyr mykje for Zlatan og han hjelpte familien mykje når han fekk masse pengar frå klubben han spelte på. Helena som er kona hans betyr òg mykje for Zlatan og ho hjelpte han når han sleit, og det same gjer dei to ungane hans.

Zlatan Ibrahimovic er svensk, men har ein bosnisk far og kroatisk mor. Han fortel om livet sitt i denne boka, om korleis ein fattig gut som bur i eit område som heiter Rosengård som er eit fattig område i Sverige, klarte å bli ein av Sveriges største idrettsstjerner og ein av verdas beste i sin idrett. Han fortel om den tøffe oppveksten sin der det blei brukt mykje tid på fotball, men også på gale ting. Det store behovet hans for å kjenne adrenalinet bruse rundt i kroppen er ein ting han nemner ganske ofte. Til dømes var han ikkje skuffa over at han blei sendt heim frå ei landslagssamling, men over kva han gjorde for å bli sendt heim. Zlatan var ein person som mange mislikte uansett kva han gjorde, men han kjempa seg gjennom alt han fekk slengt mot seg. Boka tar deg med på ei reise om korleis han har hatt det i dei forskjellige klubbane han har spelt for, korleis han har blitt svindla, stjernestatusen hans, fiendskap, venskap, korleis han har blitt hata, elska, forholdet hans til familien og alle dei skandalane han har vore gjennom.

Dette er verkeleg ei bra bok. Zlatan og David Lagercrantz har gjort ein fantastisk jobb. Det er ei bok eg anbefaler alle å lese, den viser korleis ein fattig gut frå Rosengård har klart å bli ein av verdas beste fotballspelarar. Ei fantastisk historie. Dette er ei bok som ikkje bare passar for folk som er interesserte i fotball, den passar for dei fleste, men kanskje best for fotballinteresserte. Miljøet og personene som er med i denne boka er bra skildra. Miljøet han budde i då han var liten er veldig nøye skildra, sjølvsagt fordi dette er ein sjølvbiografi. Han fortel ofte om korleis media sette han i eit dårleg lys. Zlatan sitt møte med media har vore veldig opp og ned, ein dag kunne han få veldig mykje negativt om seg mens neste dag var det overskrifter som «Super Zlatan!». Expressen som er ein av Sveriges største aviser, hadde overskrifter som Zlatan ikkje likte, han hugsar det alltid og dermed har han utvikla eit hat mot den avisa. Dette beviser at Zlatan var ein som blei påverka av media, men han blei ikkje påverka negativt, han blei bare meir ivrig og ville bevise at dei tar feil.

På dei første 100 sidene er det trykt mange bilete av Zlatan, og vi kan lese litt om alle personane som blir nemnt i boka. Så startar boka med den tida då han spelte i FC Barcelona. Etter den delen går boka over til å skildre barndommen hans, og så til fyrste klubb i utlandet og så neste og så neste.

Boka er skriven på ein uformell måte, og eit eksempel på det er at replikkane hans i forskjellige situasjonar, til dømes i samtaler med folk, blir gjengitt direkte.

Mi meining om Zlatan er eigentleg ikkje så forandra etter å ha lese boka, men eg har fått eit endå betre syn på han, og meir respekt for han.

Eg anbefaler denne boka til alle som er interesserte i fotball. Den viser at alt er mogleg uansett bakgrunn. Du treng ikkje å vere nokon fan av fotball for å lese denne boka eingong. Boka handlar først og framst om ein mann med eit heilt forferdeleg utgangspunkt som klarte å kome seg på topp i verdas største idrett. Eg gir boka 5-6 i terningkast og eg anbefaler den til alle.

Av elev 11STAB

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s