Suksessroman av Alyson Noël

Ever_Pocketomslag.inddSpenningsromanen Ever – for alltid blei gitt ut på norsk på forlaget Kagge i 2009, og er første boka i ein serie på 6. Romanen er skriven av den amerikanske forfattaren Alyson Noël, som for augneblikket bur i Laguna Beach, California. Boka handlar om Ever Bloom, ei jente som levde eit heilt vanleg liv fram til at heile familien hennar døydde i eit bilkrasj, og ho var den einaste som overlevde. Når Ever vaknar på sjukehuset har noko merkeleg skjedd med henne. Ho kan sjå auraen til folk, lese tankane deira og til og med få eit innblikk i framtida.  Ever blir nøydd til å flytte til tanta si, der ho må starte på ein ny skule. Ho går alltid i hettegenserar med hetta over hovudet, og har heile tida musikk i øyra for å stenge ute lyden av tankane til alle rundt henne.

Ever veit at han er komen før ho har sett han, for ho har høyrd det i tankane til elevane. Den dødskjekke nye guten, Damen. Når Ever ser han inn i augo, er det som om dei har kjend kvarandre for lenge sidan. Når han pratar til henne, er det som om det berre er dei i heile verda, og alle elevane forsvinn. Men det er noko mystisk med Damen. Han har ikkje ein aura, og Ever kan ikkje høyre tankane hans. Ever blir meir og meir dratt inn i Damens verd, med mystikk og drama. Er han verkeleg den normale guten han gir seg ut for å vere?

Forfattaren har verkeleg nådd fram til lesargruppa, og boka kom som nummer 1 på New York Times bestseljarliste. Forfattaren skildrar veldig bra, og ho har klart å beskrive mystikken rundt Damen og hans verd godt. Ever er eg-personen i boka, og vi får sett alt frå hennar synspunkt, og finn ut av ting samtidig som ho gjer det. Handlinga i boka går til tider fort, men så blir tempoet senka igjen. Dette skjer ofte når Ever er rundt Damen, og alle følelsane hennar blir skildra. Forfattaren har brukt fleire metaforar i boka. Frå gammalt av har blomster hatt si eiga betyding. Dei raude tulipanane som stadig dukkar opp symboliserer udødeleg kjærleik.

Forfattaren har ikkje fokusert på å skildre miljøet rundt Ever, men heller følelsane og tankane hennar. Ho skildrar korleis tankane til elevane på skulen får Ever til å føle seg overvelda og sliten. Ho føler seg ikkje komfortabel på skulen når ikkje Damen er der og dempar støyen. Forfattaren skildrar korleis Ever føler seg når Damen flørtar med andre jenter. Det er lagt stor fokus på Evers usikkerheit og redsel for verkeleg å opne seg for Damen, og gi han hjartet sitt, og det viser seg at det er dette ho må gjere for å behalde han i livet sitt.

Vennane til Ever er også godt skildra. Haven, besteveninna, som har hatt så mange forskjellige klesstilar som overhovudet mogleg i håp om å finne seg sjølv. Miles, den homofile og veldig feminine bestekompisen som elskar drama, sladder og skodespel.

Det største og viktigaste temaet i boka er kjærleik, men også sjalusi er eit viktig tema i boka. Eit anna er vennskap. Ever og dei to bestevennane hennar støttar kvarandre, og sjølv om Ever er merkeleg og alltid høyrer på høg musikk, godtar vennane det og lar henne vere akkurat som ho er.

Eg vil anbefale alle som liker fantasy-bøker å lese denne boka. Det er ei bok berekna for tenåringar, men eg vil tru den godt kan bli nytt av vaksne også. Ein blir rive med heilt i frå første side, og ein vil ikkje legge den ifrå seg. Alyson Noël har verkeleg gjort ein god jobb med å skrive denne boka, og ho fortener all rosen ho har fått.

Av elev 11STAB

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s