Kva bringar morgondagen?

Eg har lese boka Dagbok fra i morgen. Den er skriven av Cecilia Ahern. Ho blei født 30. september i 1981 i Dublin i Irland. Den fyrste boka ho gav ut heitte Ps: i love you! Eller som den heiter på norsk, Ps: Jeg elsker deg! Denne boka gav ho ut i 2004 og ho blei ein stor suksess i mange land. Den er omsett til over 40 ulike språk, og blei også filmatisert i 2007 og vann fleire Oscar-prisar.

Bokforlaget Bazar forlaget AS har hatt gleda av å ha fått gitt ut denne fantastiske boka i 2011 etter at den var blitt omsett av Hedda Vormeland.

Hovudpersonen i denne boka heiter Tamara. Ho er seksten år og snart sytten, og bur framleis heime hos foreldra sine, eller eigentleg berre mora for faren har teke sitt eige liv. Ho er bortskjemt og får alt ho ber om, og egoistisk er ho også.

Ein dag kjem eit omreisande bibliotek til landsbyen Tamara bur i, ho finn ei bok som er innbunden i lêr som ho liker, men ho klarer ikkje å opne den, så ho får hjelp av ei nonne. Det viser seg at denne boka ikkje er ei vanleg bok, men ei bok med tomme sider som det ikkje er skrive noko i. Den fortel kva som kjem til å skje i morgon og kva morgondagen kjem til å bringe, og derfor er den kalla Dagbok fra i morgen.  

Eg synest at forfattaren har lykkast med prosjektet sitt ved at denne boka er ei god bok med en del spenning i. Ein sitt på ein måte og tenkjer på kva som kjem til å skje vidare heile tida. Det einaste eg syntest var rart med denne boka var at den hadde ein uventa slutt. Den slutta slik: «Takk for at du leste historien min. «Jeg skriver igjen i morgen. SLUTT». Eg følte det nesten slik som at forfattaren plutseleg syntest boka var lang nok og at ho ikkje gadd å skrive meir. Den var også litt tam i starten. Eg synest ikkje det skjedde så mykje før langt ut i boka, noko som eg personeleg synest er litt dumt, for da får ein ikkje så lyst å lese vidare slik som ein vil viss det er spenning helt frå starten av.

Personane i denne boka er også godt skildra. Det står korleis dei er som person og litt om korleis dei ser ut. Slik som korleis hårfarga dei har, augnefarga deira osv.

Boka er skriven i eg- person, og dette gjer det meir interessant å lese fordi ein får meir innblikk i kva historia handlar om, korleis eg- personen ser på forteljinga med sine meiningar osv.

Den begynner også «in medias res», som vil seie at den begynner rett på historia med ein replikk som dette: «DET SIES AT EN HISTORIE mister noe for hver gang den blir fortalt. Hvis det stemmer, har denne historien ikke mistet noe, for det er første gang den blir fortalt.» Dette er da starten på denne boka. Den vekkjer litt interesse for kva som kjem til å skje vidare og kva boka eigentleg handlar om.

Kronologien brytast med tilbakeblikk som også er kalla retrospeksjon, og det skjer når hendingane frå Tamaras fortid løftast fram og blir fortalt om. Slik som til dømes at ho fortel om foreldra sine og korleis dei var når ho var lita. Dette får også opp spenninga i forteljinga, fordi ein vil lese seg framover, og vil vite kva som kjem til å skje. Det er også nokon frampeik i denne forteljinga der vi får vite kva som skjer med henne neste dag.

Noko som stadig gjentar seg er utdrag frå denne dagboka til Tamara. Dette gir oss også eit godt inntrykk av kva ho tenkjer og kva ho ynskjer å gjere vidare.

Spennningskurva byggjer seg opp etter kvart når ein er komen eit godt stykke inn i forteljinga. Spenninga byrjar i kapittel 8-9. Det er no vanskelegare å legge frå seg boka enn det var i starten. Spenningskurva avtar mot slutten, og boka endar som sagt litt rart, eigentleg.

Personleg likar eg å lese bøker, men ikkje viss dei blir for lange. Den er verken lang eller vanskeleg å lese og det einaste eg kan trekke litt for er korleis den er bygd opp. Så eg vil anbefale folk å lese denne boka.

Av elev 11STAB

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s