Jeg er Zlatan – interessant om mannen som har påverka fotballen både positivt og negativt

Jeg er ZlatanJeg er Zlatan er gitt ut av Zlatan Ibrahimovic i samarbeid med David Lagercrantz. Zlatan er ein av dei mest kjende fotballspelaren i heile verda, mens Lagercrantz er ein utdanna journalist. Boka er gitt ut av forlaget Font. Boka er eigentleg gitt ut på svensk, men den er omsett til fleire språk.

Denne boka går djupt inn i Zlatans liv, og tar opp dei viktigaste tinga på Ibrahimovics veg til toppen. Med alt frå uskyldige rampestrekar som ein ung gut, til forhandlingar med velkjende mafiabossar, varierer pulsen og interessa di frå å vere høg til å vere umenneskeleg mens du les boka.

Boka er bygd opp ved at den opnar med rundt 100 sider med bilde frå Zlatans liv. Alt frå da han var ein liten rampunge, til han blei presentert som FC Barcelona-spelar framføre over 90 000 menneske. Etter denne avdelinga, begynner Zlatan å fortelje om den svært kontroversielle tida hans i Barcelona. Zlatan hadde mange problem i klubben, og då spesielt med trenaren.

Zlatan blei kjøpt for 65 millionar euro da han kom til Barcelona, og då problema begynte å komme, og forholdet hans til trenaren blei kaldare, fikk ein verkeleg innblikk i kor knallhard Zlatan er. Han kom blant anna med ei utsegn som er blitt eit svært kjent sitat da han følte han ikkje blei utnytta så godt som han kunne bli: «Du kjøpte en Ferrari, men kjører den som ein Fiat». Dette var berre eit lite slag i kampen mellom Zlatan og trenaren hans.

Samarbeidet mellom «Ibra» og Lagercrantz fungerer heilt utmerka, med Zlatans særdeles spesielle og unike liv, slått saman med Lagercrantz gode skrivemåte. Personane i forteljinga om Zlatans liv er godt skildra, og dei kjem godt fram på ein måte som er realistisk. Vi får gode innblikk i kva desse personane har betydd i Zlatans liv, og kan bety for framtida hans.

Desse personskildringane er blanda med eksplosive utsegn om ting på Zlatans veg til toppen, som for eksempel der han fortel om korleis ting har vore i dei forskjellige klubbene han har oppheldt seg i. Det er mange dristige utsegn, men Zlatan har aldri vore kjent for å vere ein stille og roleg person. Zlatan er ein svært kontroversiell person både på og utanfor fotballbanen. Denne kontroversielle og interessante sida av Zlatan gjer at dei fleste vil like boka, om dei er fotballfan eller ikkje.

Denne boka vil eg definitivt anbefale alle å lese! Eg føler den kan passe for alle aldrar, men spesielt fotballinteresserte vil kunne bruke boka til inspirasjon ved sidan av det er ekstremt godt lesestoff. Boka gir verkeleg innblikk i korleis det er å vere kjendis, på både positive og negative måtar.

Av elev 11STB

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s