Ei frodig ungdomsbok av Jon Ewo

Respekt er ei ungdomsbok skriven av Jon Ewo. Boka blei gitt ut i 2012 og kom ut på Mangschou Forlag. Sjangeren til boka er spenningslitteratur og den er skriven på bokmål.  Forfattaren av boka, Jon Ewo, blei født 29. juni 1957 på Grünerløkka i Oslo. Hovudpersonane i boka er Kim og broren hans Freddy som går under gjengnamnet Zapper.

Kim er 19 år. Han er leiaren i gjengen/minimafiaen og er storebroren til Freddy. Han er ein stor mann med store hender og ei kraftig røyst. Alle respekterer han. Freddy er veslebroren til Kim. Han går under gjengnamnet Zapper. Zapper dealer alltid og snakkar mykje i mobiltelefonen. Han er ein veldig opptatt person, veldig kvit i huda og er spesielt opptatt av å sette seg i respekt. Bignose er leiaren i ein større gjeng enn Kim. Han er ein av dei store gutane. Han tvingar gjengen til Kim til å selje tjuvgodset til han som han igjen sel vidare. Kim og gjengen tør ikkje gjere noko anna enn å lystre Bignose.

Eg synest forfattaren har lykkast godt med prosjektet sitt. Boka trur eg appellerer til gutar i alderen 12 til 16 år. Språket er veldig uformelt med mykje bruk av slang, banneord og engelske uttrykk. Forfattaren har prøvd å skrive boka og replikkane slik ungdommar snakkar. Dette gjer at boka appellerer betre til målgruppa. Alt i alt så synest eg at forfattaren når fram til målgruppa og får kontakt med dei på ein bra måte.

Personane i boka kunne ha vore betre skildra. Vi får ikkje vite så mykje om utsjånaden til hovudpersonane. Vi får vite at Kim er ein stor og sterk mann med store hender og at Freddy er en opptatt person som er veldig kvit i huda og spesielt opptatt av å få respekt. Vi får vite litt meir om utsjånaden til nokre av dei andre gjengmedlemane, men ikkje nok til å danne seg eit påliteleg bilde av dei. Miljøet er greitt skildra.

Boka er skriven i eit uformelt språk med mykje bruk av rim, særleg enderim. Eit eksempel på dette kan vi sjå på side 20 i boka:

Fatter var ørefiker,
en jævla sviker,
en dust med høye viker
og ei vom så diger
at selv ikke diker
kunne holde den på plass.

Grunnen til at forfattaren valde å skrive boka på denne måten var fordi han ville skrive den som ein rappar. Boka er inspirert av rapsongen «Notorious B.I.G» som er ein brutal song som handlar om det tøffe gatelivet i USA. Språket er veldig ungdommeleg og det blir brukt mykje slang, banneord og ein del fornorska engelske ord og uttrykk. Dette kan vi sjå eit eksempel på på side 22 i boka:

Men jeg har bestemt meg.
Det er min dritt, og Zapper skal ikke ete av den.
For to år og noen småpenger siden
ville jeg ikke engang ha ham med i crewet vårt.
Første gangen han meldte seg, sa jeg:
Dra til hælvete tilbake til mora di, Freddy.
Bli noe her i livet. Få`ræ en jobb.
Gjør oss stolte eller noe annen dritt.

Eg trur forfattaren prøver å appellere til det norske ungdomspublikumet, og kanskje særleg til gutar. Det blir også brukt allusjonar i teksten ved at forfattaren har putta delar av teksten til songen «Notorious B.I.G» på enkelte sider i boka. Ofte i samanheng med at Kim høyrer på songen. Sidan boka er inspirert av «Notorious B.I.G» fell det meg naturleg inn å tru at dette er ein allusjon. Det er også brukt språklege bilde i form av klisjear. Eit eksempel på dette finn vi på side 34 i boka:

Vi hilser og splitter:
jeg skrur mobilen av.
Har tenkt å forsvinne et par timer.
Slika at ingen kan lime seg opptil meg
og gjøre reklame for seg og sitt.

Dette skaper ein variasjon i språket som gjør boka betre og mindre kjedeleg å lese. Metaforar er også brukt. Her er eit eksempel på ein metafor på side 36 i boka:

Bignose trur han er sølvet,
og at vi er dølle figurer av nips
som lytter til maktas kølle.

Handlinga går føre seg i gatemiljøet i Oslo. Det er mykje vald involvert. Det blir brukt mykje replikkar for å dramatisere handlinga. Det er to forteljarar i boka. I den første delen er det Kim som fortel si historie. I den andre delen er det veslebroren hans, Freddy, som fortel. Forfattaren skildrar også tankane til forteljaren, og dette skapar variasjon. Dette gjer at lesaren blir betre kjent med hovudpersonane i boka.

Temaet i boka Respekt er kriminalitet, vald, hemn og gjenglivet i Oslo. Dette går igjen i heile boka.

Eg synest resultatet av bruken av verkemidla i boka er bra. Forfattaren får kontakt med lesaren gjennom det uformelle munnlege språket. Rima i boka er litt spesielt, men det skapar variasjon, noko som er bra. Bruken av klisjear og metaforar skapar også språkleg variasjon og det får lesaren til å fantasere og førestille seg dei språklege bilda.

Handlinga og det munnlege språket skapar ein slags nærleik til personane i fortellinga. Rima, klisjeane og metaforane skapar variasjon. Ein gløymer aldri at boka handlar om gjenglivet i Oslo mens ein les. Personane og miljøet kunne ha vore skildra meir konkret, men dette har ikkje så mye å seie for opplevinga. Dette er ei bok eg anbefaler til gutar i aldersgruppa 12 til 16 år.

Av elev 11STAB

Advertisements

2 comments

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s