Velskriven ungdomsroman

Eg har lese boka En dag skinner solen også under hundens hale, som er skriven av den danske forfattaren Sanne Munk Jensen. Dette er hennar andre ungdomsroman og den var stor på marknaden då den blei gitt ut i 2008. Boka er skriven på dansk, men har blitt omsett til norsk av Sverre Knudsen. Boka er også omsett til mange andre språk, og har vunne mange prisar og fekk Gyldendals store Børne- og Ungdomspris. Forlaget som har gitt ut boka er Cappelen Damm.

«Per-fucking-fekt! En gudbenådet realistist forfatter.»
– Kari Sønsthagen, Berlingske Tidende

I boka blir vi kjent med den polsk-danske jenta, Alma. Alma er ei artig jente med mykje sjølvironi. Ho har mange problem med blant anna kjærasten Toby, forelskinga i bestevenninna Julie, den problemfylte mora og ikkje minst slit ho med minste systera si. Systera til Alma heitar Amelia. Amelia har verkeleg ikkje kontroll på livet sitt og ho hamnar alltid oppi ein eller annan form for trøbbel. Alma føler seg plikta til å ta vare på henne ettersom mora ikkje stiller opp for dei.

Temaene som blir tatt opp i boka er blant anna familieforhold, ungdomstid og seksualitet. Språket i boka er røft og veldig direkte. Forfattaren bruker mykje bannskap, mange morosame samanlikningar, detaljrike beskrivingar og nye ungdommelege utrykk. Fleire gongar i boka kallar ho for eksempel barberhøvelen for buskryddaren og moras mange kjærastar for trøstepikkar.

Boka er skriven på ein nokså uvanleg og spennande måte. Den er delt opp i tre forskjellige delar som kryssar kvarandre fleire gongar i løpet av boka. Desse tre delane tar for seg tre forskjellige periodar av livet til Alma.  Den eine delen er ifrå då Alma var ei lita jente i barneskolealder, den andre frå då ho gjekk på internatskule og den siste er frå notida. Det blir tatt utgangspunkt i notida, men dei andre delane er likevel ikkje skrivne som tilbakeblikk. Verknaden av dette er at boka blir meir interessant å lese.

Tittelen, En dag skinner sola også under hundens hale, er spennande og gjer at vi allereie i starten skjønner at her handlar det om noko dystert. Det var moras kjærast, Bent, som brukte dette utrykket. I fleire forskjellige samanhengar drar han fram dette utrykket, og etter kvart blir Alma utruleg lei av at han alltid seier dette. Ein gong blir ho til og med irritert på han, men i slutten av boka skjønner ho meininga med det og at det eigentleg er eit ganske godt utrykk. Meininga med tittelen er at sjølv om livet ser mørkt ut nokre gongar, så vil det gå bra til slutt.

Sanne Munk Jensen har skrive ei knallgod ungdomsbok. Utifrå språket å dømme er det tydeleg at det er til ungdom ho skriv. Sjølv om nokre delar av boka var absurde og barnslege, blei ikkje boka i seg sjølv det. Skildringane av miljø og personar var svært bra. Eit eksempel frå boka er når Alma skal beskrive moras nye kjærast, Bent:

«Han het Bent og var blek, halvskallet og pære dansk. Han snakket en god del mer enn det Vlad hadde gjort, men stemmen hans var så hul og spinkel at det egentlig hadde vært ønskelig om han også hadde holdt smella.»

Handlinga i boka er dyster og det oppstår stadig fleire problem som er vanskelege å løyse. Dei dystre hendingane og problema blir lagt fram på ei morosam og useriøs måte, til trass for at mykje av det er ganske alvorleg.

På forfattarbesøket fortalte Sanne Munk Jensen at denne boka blei ho inspirert til å skrive etter å ha møtt ei polsk dame som hadde to døtrer. Sjølv om begge døtrene hadde hatt ein lik oppvekst så var dei blitt til heilt to forskjellige jenter. Sanne fortalte også det at ho ikkje likte bøker som berre inneheldt eitt problem som var lett å løyse, det burde vere mykje drama og vanskelege problem. Dette var lett å skjønne når eg las boka fordi Alma fekk store utfordringar og problema hopa seg opp utan at nokon av dei blei løyst.

Når eg begynte å lese boka syntest eg den var merkeleg og eg likte den ikkje noko særleg, men etter kvart som eg las blei den berre betre og betre. Slutten av boka var kjempegod og kom som svært uventa. Boka er lettlesen og har eit enkelt språk.  Noko av det eg likte best med boka var at språket var så direkte og at den inneheldt ei rekke kraftfylte utrykk. Boka er jo som tidlegare sagt, ein ungdomsroman. Eg vil anbefale den for ungdom i aldersgruppa 15-18 år. Er du ute etter ei morosam bok kor ikkje alt er som «ein dans på roser» er dette ei bok for deg.

Av Ida 11STB

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s