Nyansert og levande skildring av ei daud framtid

zWorld War Z er ein post-apokalyptisk roman, skriven av forfattaren Max Brooks i 2006, og utgitt på Vendetta forlag som Z: en muntlig gjenfortelling om zombiekrigen.

Boka er ein oppfølgjar til Brooks’ fyrste bok, The Zombie Survival Guide, kor størsteparten av befolkninga er blitt smitta av ein sjukdom som verkar slik at dei, etter at dei døyr, kjem tilbake som hjernedaude zombiar. I The Zombie Survival Guide skildrar forfattaren korleis sjukdommen frå World War Z spreidde seg, korleis zombiane blei til, og kva ein måtte gjere for å overleve. World War Z finn stad 10 år etter krisa frå The Zombie Survival Guide. Bokas hovudperson, Max Brooks, er ein FN-agent som ynskjer å ta vare på historia om korleis menneskeheita vart driven i kne. Han reiser derfor rundt over heile verda og intervjuar forskjellige folk som var essensielle i krigen mot dei sjuke. Boka ser tilbake på det som skjer i krigen gjennom auga til dei som tek del i den.

Noko av det som gjer World War Z så bra, er korleis den hoppar inn i den menneskelege psyken, riv den i bitar, del for del, for så å fordøye alle reaksjonane, ikkje ulikt det zombiane gjer med sine offer. Boka gjer ein fantastisk jobb med å vise kor skjørt samfunnet er, ved å vise korleis politikk, grådigheit og korrupsjon får fyrste prioritet når dei levande døde bankar på døra. Dei som blir intervjua i boka blir godt beskrivne, og dei har alle mange forskjellige personlege trekk som gjer dei til truverdige karakterar som det er lett å sympatisere med. Tankegangen til karakterane blir påverka av situasjonane dei endar opp i, noko som gjer at ein må tenkje seg fram til kva ein trur blir å skje, da det gir karakterane det typisk menneskelege uføreseielege trekket. Dei forskjellige personane i boka har også forskjellige måtar å fortelje kva dei har opplevd, og dei forskjellige omgjevnadane skildrast på eksepsjonelt godt vis. Miljøet er godt og detaljert skildra, og forfattaren målar eit levande bilde av eit scenario kor dei daude ikkje er fullt så daude.

Boka er skriven i fyrsteperson, og lesaren hoppar inn i tankane hos dei forskjellige intervjuobjekta. Dette gir ei naturleg inndeling i boka, og kvar historie følast som eit nytt kapittel i historia om menneskeheitas overleving. Eg synest i tillegg at intervjuforma passar godt til boka, og gir ein ekstra dimensjon av realisme og truverdegheit til scenarioet i boka. Etter å ha lese boka følast det som om det kan skje. I tillegg gir intervjuforma moglegheita til å introdusere små karakterar innimellom, som kan gi morosame små historier og liknande. Eg meiner at slike karakterar ikkje passar heilt inn i tradisjonelle romanar, men det gjer seg absolutt godt her, og Max Brooks bruker å utnytte dei storslagent som trykkavlastingar i boka. Dei gir rett og slett ein liten pustepause, og det gjer den mykje lettare å kose seg med. Ein blir likevel slått av følelsen av utappa potensiale når ein er ferdig med boka. Eg synest rett og slett den var for kort. Det er fleire scenario som kunne ha vore utforska, og eg hadde hatt stor glede av det om dei hadde blitt sett på. For ei bok som er sett saman av fleire små historier, føler eg det blir for gale å la nokre gå uskrivne.

Zombiar i underhaldningsmedia, i både spel, film og litteratur har gjort eit solid comeback dei siste åra, og det er ingen tvil om at World War Z er i toppsjiktet blant zombie-litteraturen. Max Brooks har ein leiken og tilgjengeleg måte å skrive på, som gjer det å lese bøkene hans til ein leik. Han vrir og vendar på historia, og får noko så surrealistisk som levande daude til å verke som eit fullt mogleg og plausibelt scenario. Med djupe og godt skildra karakterar og gode skildringar gir forfattaren oss ei av dei mest fargerike og nyanserte zombieromanane frå i nyare tid. I same stil som H.G. Wells’ The War of the Worlds, gir Max Brooks oss eit innblikk i vår eigen psyke, og kva vi er villig til å gjere for å overleve. Alt i alt ei fantastisk bok som eg absolutt vil anbefale til alle som likar ei god zombie-historie.

Av elev i 1AB

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s