Kortstokken

JokerenBoka som eg har lese heiter Jokeren og er skriven av Markus Zusak. Den blei gitt ut i Norge på forlaget Cappelen Damm i 2012.

I boka møter vi Ed Kennedy som er 19 år og bur i ein drabantby utanfor ein større by. Ed er håplaust forelska i Andrey. Til vanleg er Ed saman med henne, ­Marv og Ritchie. Dei speler kort heile tida, eit spel som dei kallar Annoyance. Ed bur i noko som han sjølv beskriv som ei rønne, og der har han ein illeluktande og kaffidrikkande hund som heiter Dørvakta.

Heile forteljinga begynner med at denne vennegruppa er i ein bank der dei er vitne til eit ran. Som folk flest ville blitt skulle ein tru at desse også hadde blitt redde når dei fekk ein pistol retta mot seg, men desse fire begynte å krangle om ein gamal bil. Det heile resulterte i at Ed klarte å ta pistolen til ranaren då han sprang ut og greidde å stikke av med bilen til Marv, men Ed klarte å stoppe han med hans eigen pistol.

Etter denne hendinga fekk Ed eit kort i posten, eit spa ess. Der stod det tre adresser og tre klokkeslett. Han veit ikkje kor det kom ifrå eller kva han skulle gjere der. Han veit berre at han må finne det ut og gjere det han må, sjølv om han er skeptisk og usikker på kva som ventar han. Han meiner sjølv at han er ei pyse, så dette er ei utfordring for han.

Når han endeleg klarer å møte opp på desse plassane på dei bestemte tidspunkta, møter han tre ulike personar i tre ulike aldersgrupper, og alle treng hjelp på forskjellig vis, og det er Eds oppgåve å hjelpe dei.

I boka blir vi godt kjent med Ed, vi ser alt frå hans synsvinkel og vi får innblikk i hans tankar. Vi får oppleve korleis han møter desse utfordringane og korleis han løyser dei. Boka er spennande å lese og når eg las ho ville eg ikkje stoppe heller. Du vil berre vite kva det neste som kan skje er.

Boka er bygd opp på ein spesiell måte. På første side ser vi spaesset med alle adressene på. Dei tolv neste kapitla er Spa 2, Spa 3 osv. Når du har lese deg igjennom Spa-delen får du sjå eit nytt kort, men denne gongen er det bilde av eit kløveress. Så er dei neste 12 kapitla Kløver-delen i ein korstokk. Så kjem det ein Spa-del til, og så ein Hjerter-del, og til slutt kjem Jokeren. Gjennom heile boka føler eg at eg les meg igjennom eit kortspel. Berre oppsetjinga i seg sjølv gjer boka spennande. Og kvar kortsort har kvar si historie og oppgåve.

Det første eg tenkte då eg såg bilde av den første Spa-essen var at dette var ei krimbok, sidan Spa-ess ofte symboliserer dauden. Eg synest boka handlar om samvit, om korleis ein så ung person får ei sterk kjensle av å ville beskytte dei han skal hjelpe, han gjer det mest utrulege for å gjere liva deira betre. Ed er jo ung, og det er mykje ansvar som leggjast på han, men eg synest han klarer det veldig bra.

Spørsmålet om kven som sendte korta er fortsatt eit mysterium, og det plagar Ed, i alle fall sidan han ikkje har fortalt nokon om korta. Ein kveld Ed kjem heim frå speling hos Marv luktar det rart i huset hans, og inne på kjøkkenet sit det to menn med finnlandshette på seg. Dei gir han fyrst ein omgang med juling før dei begynner å prate med han. Mens samtalen går, finn han ut at desse karane er sendt frå same person som sender Ed korta. Dette gjer handlinga endå meir spennande. Kor kjem dei ifrå? Saman med personane får Ed eit nytt kort der det ikkje er nokon ledetrådar, korleis skal han finne denne plassen når han ikkje har noko å gå etter?

Jokeren er ei bok eg anbefaler ungdommar som liker litt spenning og gåter. Boka er skriven på eit ungdommelig vis og sett frå ein ungdoms perspektiv. Boka byr på mange utfordringar og lesarane blir godt kjent med Ed, og vi følgjer han på ei vanskelig reise, og vi ønsker også at han skal lykkast med dei oppgåvene han får.

Av elev i 11STA

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s