Internasjonal bestseljar

Vakre skapningerBeautiful Creatures, eller Vakre Skapninger på norsk, er ei bok av Kami Garcia og Margaret Stohl. Denne versjonen blei gitt ut av Penguin Books, men opphavleg er ho gitt ut av Little Brown and Company i 2009. Eg valde å lese boka fordi eg liker Fantasy-sjangeren veldig godt og fordi eg har høyrt både godt og vondt om boka, og derfor følte eg at eg måtte gjere meg opp mi eiga meining.

Hovudpersonen er Ethan Wate, ein 16 år gammal gut som vi følgjer gjennom boka. Han mista mora for eit år sidan og no har han berre ein forkomen far, som praktisk talt er låst inne på kontoret sitt heile dagen, og hushalderska Amma, som har vore som ei bestemor for han i alle år. Han og bestevennen, Link, er einige om at livet i Gatlin er ufatteleg keisamt, heilt til ein dag at ein mystisk song dukkar opp på Ipoden hans og ei annleis jente flyttar til byen og snur livet hans opp ned.

Lena Duchannes er den andre hovudpersonen, og ho har nettopp komen til byen etter ei lang tid med flytting mellom fleire byer. Ho er veldig annleis i forhold til dei andre jentene i Gatlin, både i personlegdom og klede, og alt ho har lyst til er å vere ei normal jente. Ingen liker henne fordi mange uforklarlege hendingar har begynt å skje, slik som at vindauge ein dag blir knuste, eller at merkelege stormar plutseleg oppstår. Ho har aldri møtt foreldra sine og ho er veldig opptatt av datoen som endrar livet hennar for alltid. Så møter ho Ethan ein dag, og livet blir alle fall litt lysare.

Handlinga i boka utspeler seg slik at Ethan Wake er ein heilt normal gut som går på vidaregåande skule, i det siste har han vore plaga med fæle mareritt som handlar om ei nydeleg mørkhåra jente. På skulen går det rykte om at ei ny jente skal begynne, men uheldigvis er ho niesa til gale Macon Ravenwood som ingen har sett utanfor huset sitt på mange år. Det går ikkje lenge før Ethan forstår at Lena er jenta i draumane hans, og ho og familien er langt ifrå normale, faktisk finn Ethan ut at det er mykje i livet hans som langt ifrå er så normalt som han trur. Lena og familien har magiske krefter som hekser og magikarar, men ikkje alle i familien er like gode. Alt oppstyret rundt Lena får mange i byen og skulen til å sette i gang ei heksejakt der Lena endar opp som offer. Ethan og Lena har blitt hovudstups forelska i kvarandre, men Lena går ei mørk framtid i møte, for kvar dag som går er ho ein dag nærmare bursdagen sin og dagen som endrar livet hennar for alltid. Kan Ethan hjelpe Lena frå sin skjebne?

Vakre Skapninger er debutromanen til forfattarane Kami Garcia og Margaret Stohl, og dei har skapt ei ny verd av magi som utspeler seg i Gatlin, ein fiktiv liten by i South Carolina. Dei har gjort ein utmerkt jobb med å skrive ein fantasyroman for ungdom, både personar og miljø er godt skildra. Boka er skriven slik at det ikkje er for mykje skildringar, men ein god balanse mellom handling, tankar og skildringar. Her er eit eksempel på balansert bruk av skildringar i handlinga.

Jeg prøvde å ikke smile mens jeg så over til parkeringsplassen da jeg tok det neste skuddet. Jeg så en floke av svart hår, bak rattet av en lang, svart bil.
En begravelsesbil. Jeg stivnet. Hun snudde seg, og gjennom det åpne vinduet, kunne jeg se at jenta så i min retning […]. s.22-23

Skildringar brukast ikkje for ofte i boka, men når det brukast er det godt uført og ein kan verkeleg sjå for seg personer og miljøet.

Mens Macon tredde gjennom døråpningen, kom han inn entréen perfekt kledd, ikke et hårstrå feil på hans hode, ikke en rynke på buksene hans eller på den nystrøkede skjorten. Han så ikke overhodet ut som det han gjorde bare noen minutter siden […]. s. 295

Boka er komponert slik at vi følger eg-personen som er ein gut, noko som er annleis i forhold til andre bøker i denne sjangeren, der ein jenteforteljar er meir normalt. I tillegg til å følgje Ethan får vi tilbakeblikk frå Genevieve Duchannes om hennar tragiske ending gjennom ein mystisk amulett. Dato og dagar er viktige element i boka, ved starten av kvart kapittel får du vite datoen, og du kan sjå at du kjem nærmare og nærmare bursdagen til Lena.

Eg personleg er veldig glad i fantasybøker så dette var garantert ei bok for meg, men til trass for min kjærleik til sjangeren var boka litt føreseieleg. No som fantasysjangeren begynner å bli ganske så utskriven, må det meir til enn ei kjærleikhistorie mellom ein dødeleg og ein overnaturleg for å fange inn dei som begynner å gå lei. Spesielt sidan boka fokuserte litt for mykje på forholdet mellom hovudpersonene enn eg føretrekker, og Lenas venleik blei nemnd alt for mange gongar.

Ei fantasybok med ein god dose kjærleik for ungdom på 563 sider. To ungdommar som forelskar seg i kvarandre, men opplever at livet ikkje er så enkelt som dei hadde håpa. Viss du liker slike bøker, er dette ei bok eg anbefaler. Det er ei god bok, til trass for sine skavanker, det finst betre Fantasybøker der ute, men det finst verre enn denne også. Vakre skapninger er den første boka i ein serie på fire, så lesaren må vere førebudd på at slutten ikkje vil vere komplett etter å ha lese den første boka. Eg anbefaler boka til ungdommar som liker det overnaturlege og romantikk.

Av Malene 11STAB

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s