Idas dans – en mors beretning

idas dansIdas dans – en mors beretning er skriven av Gunnhild Corwin og gitt ut av forlaget Dinamo i 2005. Boka har fått god respons og lite negative kommentarar frå bokmeldarar. Boka regnast som ei faglitterær bok på grunn av all informasjon og fakta vi får om leukemien til Ida, men ho er eigentleg ein type biografi. Boka er basert på ei verkeleg hending og verkelege smerter og tårar.

Boka handlar om Idas kamp etter at ho har fått vite at ho lir av leukemi. Og du skjønner allereie etter nokre få sider at det handlar om ein kamp på liv og død. Boka er skriven av Idas mor, Gunnhild Corwin. Ho handlar om Ida og Gunnhilds kamp mot Idas leukemi. Boka byr på både oppturar, nedturar, kjærleik, sorg, tru, håp og mot.

Gunnhild har skildra både miljøet på sjukehuset og heimen i Mariesvei godt, samt seg sjølv og Ida, som er hovudpersonane i boka. Ho skildrar sine næraste godt også: Ida, Bjarne, Vibeke, Cesilie og Fredrik. Ho beskriv godt sine og Idas tankar og kjensler.

Boka startar med at Ida er forkjøla, og mora tar henne med seg på sjukehuset. Ida liker ikkje sjukehus og vil ut så snart som mogleg. Men det som berre skulle vere ei lita forkjøling, i verste fall kyssesjuke, viser seg å vere blodkreft. Ida har leukemi.

Det blir ein hard kamp og Idas håp er ikkje alltid like mykje til stades, ho vekslar mellom å vere fast bestemt på å vinne kampen, til rett og slett å ville dø for å sleppe smertane. Heile familien har det tungt og vi får høyre korleis mora ikkje klarer å glede seg over dei andre barna sine gleder. Den eine dottera skal gifte seg og den andre skal ha eit born, men ho klarer ikkje å glede seg over det mens Ida ligg på sjukehuset. Det er ei tung tid for heile familien.

Alle må forhalde seg til Idas behov og ønske. Når Ida er på sitt verste, vil ho berre ha mamma og kjærasten Jonas saman med seg, men så snart ho er betre kjem resten av familien. Mens Ida er på sjukehuset er det pappa Bjarne som er heime og passar på huset saman med storebror Jonas som bur i kjellarleilegheita. Storesystrene Vibeke og Cesilie er heime hos seg sjølve med forlovarar og førebur seg på born og bryllaup. Gunnhild blir sliten av at telefonen skal ringe heile tida, og det å måtte fortelje det same til alle som lurer. Ho startar «Idanews» og sender ut brev 1-2 gong i månaden til familie og venar.

Eit halvt år går, og Ida får omsider lov av legane til å bu heime og heller komme inn på sjukehuset om det skjer noko, og for å ta blodprøvar osv. Ida blir mykje betre og cellegifta verkar godt. Heile familien drar på både hytte- og sydentur.  Men ein kveld kjem Ida gråtande ut av badet og seier at augnevippane hennar hell på å falle av. Og dei er dermed i gong med ein ny runde.

Dette er ei god bok med sterke kjensler. Boka har nok ungdom og vaksne som målgruppe.

Av elev 11STAB

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s