Gripande historie frå debutforfattar Edin Kadribegovic

Jeg var et barnI 2012 lanserte Pax forlag boka Jeg var et barn, det var krig, av debutanten Edin Kadribegovic. Edin blei fødd i ein liten by med namn Travnik i Bosnia-Hercegovina i 1981. I 1991 braut krigen på Balkan ut, då Edin var i ein alder av berre 10 år. Edin måtte flykte til Noreg, fekk etter kvart opphaldsløyve, og snakkar og skriv i dag flytande norsk. Det har han utnytta i denne sjølvbiografien kor han fortel om å dra frå krigen, og likevel alltid bere han med seg. Han prøver å forstå den blodige konflikten, men også leggje den bak seg og leve eit vanleg liv.

Edin Kadribegovic har ein trygg og fin barndom. I gatene i heimbyen kan han leike fritt med venane sine utan noko otte. Lite veit Edin om at det ikkje vil vere slik for alltid. Sjølv om han i dag, når han ser tilbake, oppfattar mange hendingar som klare «teikn» på krig, var krig det siste Edin som 10-åring kunne tenkje på. Han visste ikkje av noko anna enn det trygge livet han hadde levd. Etter kvart som krigen utvikla seg i Bosnia-Hercegovina og nabolanda, byrja klassekameratar å flytte, mor og far krangla meir, heftige diskusjonar blant foreldrenes venar oppsto og lyd av skot var heller ikkje uvanleg. Ein dag fekk Edin vite at han skulle på ferie. «Men skulen er då ikkje ferdig endå?», seier Edin. Ein tidleg ferie til Kroatia sto på planen, ein ferie som for Edin skulle bli meir enn fire år lang og endre heile hans liv.

Både faren og broren blir igjen i Bosnia-Hercegovina for å arbeide, fortel mora. Etter ei stund skjønar Edin at det ikkje er nokon vanleg ferie dei er på, og før han veit ordet av det har han reist til Noreg, eit land han veit svært lite om. Edin er lei seg og vil ikkje dra til Noreg. Men Edin og mor hans har ikkje noko val, situasjonen på Balkan er stadig forverrande, og det tryggaste er å kome seg bort.

Edin Kadribegovic klarar på ein utmerka måte å få fram korleis det er for eit barn å oppleve krig og måtte vere ein flyktning. Han ønskjer å gjere kunnskapen om konflikten på Balkan tilgjengeleg for eit breiare norsk publikum og får tydeleg fram kva han meiner om mediadekninga under krigen på Balkan på 1990-tallet. Som flyktning i Noreg høyrde Edin, venar og familie frå Bosnia-Hercegovina svært lite nyheiter om ein av dei blodigaste krigane som nokon gong har vore i Europa. Det oppfatta han som merkeleg, og gjer nok heile krigen vanskelegare for eit barn å forstå. Når det er krig og elendigheit i eit land, korleis kan folk vere så glad og fornøgd i eit anna, trur eg Edin tenkte.

Boka er skriven i førsteperson og er prega av mykje skildringar og mange detaljar. Tankane Edin har i ulike situasjonar står i sentrum og ein blir verkeleg imponert over Edins presise hugs. Sjølv om mange episodar sjølvsagt har sett spor, har eg ein mistanke om at nokre detaljar er lagt til for å lage stemning. Uansett gjer det ikkje noko for boka si heilheit, slik er det nøydt til å bli.

Boka er inndelt i korte kapittel på 3-6 sider kor historia hans blir fortalt i kronologisk rekkefølgje. Innimellom kvart andre/tredje kapittel kjem det ei side eller to som er skriven i kursiv. På desse sidene skriv Edin om alle dei tinga han har funne ut i ettertid (ein faktadel). Korleis gjekk det eigentleg med krigen då han var på «ferie»? Og kvifor blei det krig? Kven sto bak det heile? Edin har prøvd å forstå i ettertid kva som eigentleg har hendt, og utviklinga i krigen har han sett inn i mellom kapitla.

Eg synest boka er veldig bra skriven. Fortellinga er sterk og utruleg lærerik. Krigane på Balkan har blitt alt for lite dekt i norsk media, slik Edin seier, og kvar og ein i Noreg har godt av å vite kva som eigentleg skjedde berre nokre tiår tilbake. Boka gir også ei djupare forståing for innvandrarar, og spesielt flyktningar. Det å sjå på flyktningar som ei stor gruppe står sterkare i Noreg enn å sjå på kvar og ein som eit individ med si eiga historie. Ein får verkeleg noko å tenkje over etter å ha lese denne sjølvbiografien av Edin.

Alle veit at å vere på flukt frå krig og brutale regimer ikkje er nokon spøk, men likevel har vi vanskeleg for å setje oss inn i situasjonen og verkeleg forstå kva for forandringar flyktningar gjennomgår i livet. Edin Kadribegovic gir oss eit innblikk i korleis livet til eit flyktningbarn kan vere. Sjølv om han berre var ein ti år gamal gut, har enkelte hendingar og minne verkeleg sett seg i minnet hans.

Boka kan anbefalast til ungdomar og vaksne som interesserer seg for krigshistorie, men også for dei som vil lære meir om korleis ein flyktning ber med seg krigen sjølv om han eller ho er milevis ifrå den. Å formidle noko som er så personleg og står ein så nært er imponerande gjort av debutantforfattaren Edin Kadribegovic.

Av elev 11STAB

Advertisements

One comment

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s