Fantastisk leseoppleving med Miss Peregrine og øyas hemmelighet

Miss Peregrine og øyas hMiss Peregrine's Home for Peculiar Childrenemmelighet er skriven av Ransom Riggs. Den er omsett frå engelsk til norsk, og den originale boktittelen er Miss Peregrine’s Home for Peculiar Children. Den blei fyrst publisert av Quirk Books, Philadelphia, Pennsylvania i 2011, men den norske utgåva blei publisert av Schibsted Forlag AS i Oslo i 2012. Hovudpersonen i boka heiter Jacob, han er seksten år og er veldig alminneleg, trur han. Jakob har ein bestefar som heter Portman og han er dement. Etter ei traumatisk oppleving heime i USA får Jakob ei gåte av bestefaren sin, og i løpet av historia må han prøve å finne ut kva bestefaren hans held skjult. Jakob drar til ei øy utanfor Wales, der bestefaren hadde budd då han var liten. Jakob finn ut mykje om bestefaren sin og seg sjølv, og dette fører til at han må ta eit vanskeleg val.

Boka er skriven på ein slik måte at lesarane må kunne ein del fakta før dei les den. Eit eksempel er at boka si handling av og til skjer i året 1940, og dermed også under andre verdskrig. Lesaren burde ha nokre generelle opplysingar om andre verdskrig for å få den spesielle kriblinga i magen når ein les. På grunn av dette vil eg seie at boka er skriven for ungdommar og vaksne. Problemet er det at handlinga er for barnsleg for denne aldersgruppa. Mykje av det som skjer mellom dei to permane er urealistisk, og det er som om forfattaren har henta historia frå eit barnehovud. I mine auge er denne boka perfekt for ungar frå ti år og opp, for dei har god fantasi og dei ville synest at forteljinga var spennande.

Noko som gjer denne boka spesiell, er at den inneheld autentiske bilete. Forfattaren av boka samlar på gamle bilete, og det var på denne måten han fann ut at han ville skrive ei bok. Han bygger handlinga i boka rundt bileta, og det er eit veldig fint konsept. Bilete kan beskrive både menneske og natur like godt som ein tekst kan, og derfor meiner eg at det å ta med bilete i boka var ein fantastisk idé.  Bileta er ofte brukt i samanheng med bestefar Portman og historia hans om dei spesielle barna han kjende. Ein får sjå merkelege hendingar og objekt på disse bileta, og det gjer at ein blir interessert i å lese vidare i boka. Det at det dukkar opp eit bilete av og til gjer at boka blir lettare å lese. Ein får ein pause frå lesinga når ein studerer biletet, og det gjer at ein får ny energi til å lese meir. Alle bileta i boka er svart-kvite, og når ein ser på dei får ein følelsen av at dei er gamle. Dei svart-kvite bileta gjer at dei mystiske hendingane og tinga som skjer på bileta verkar skummelt. Den svart-kvite effekten gjer at bileta passar perfekt til handlinga i boka.

Det at handlinga føregår både i notid og i fortid gjer at boka er spesiell. Når Jakob kjem til øya studerer han ein gamal barneheim som bestefaren ein gong budde i. Barneheimen ligg på den andre sida av øya, og når Jakob har gått dit nokre gongar, finn han ut at han kan gå tilbake i tid på ein heilt spesiell måte. Han kjem tilbake til 3.september 1940 der han blir kjent med mange spesielle barn og Miss Peregrine, som er sjefen på barneheimen. Sjølv om både fortid og notid er på øya, er det to heilt forskjellige stadar. Dei to verdene blir sett opp mot kvarandre slik at den eine verkar som ein fantastisk stad, og den andre verkar som ein forferdelig stad. Denne kontrasten blir understreka gjennom bileta i boka.

Miljøet i forteljinga er delt i to fordi Jakob kan vere både i notid og i fortid. I notid er øya litt mørk og mystisk. Vêret er dårlig, og merkelege ting skjer. Øya er isolert frå omverda, og menneska som bur på øya er ikkje veldig imøtekommande. Når Jakob kjem tilbake til 1940 er det strålande sol og mykje varme, og han møter mange hyggelege menneske som han etter kvart blir veldig godt kjent med. I sentrum av øya køyrer menneska fortsatt hest og vogn, og alt er generelt gamaldags.  Miljøet blir godt skildra i boka, for forfattaren fortel det som skjer mellom linjene i staden for å seie det rett ut. Det å skrive ting mellom linjene gjer at boka blir meir spennande, for da må ein følgje med, og tenkje seg til ting sjølv.

Sjølv om handlinga i boka var veldig barnsleg og urealistisk, var ho også god. Det var ei veldig fin og lettlesen bok, med mykje spesielt og spennande i. Ein får ei heilt ny leseoppleving av å lese denne boka, fordi ho inneheld så mykje merkeleg og rart. Det er kanskje litt for merkeleg av og til, og derfor synest eg at den passar betre for tiåringar enn ungdommar og vaksne. Men er du ein person som liker fantasy og rare vesen, er dette boka for deg.

Av elev 11STAB

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s