Ein aktuell bestseljar av Katarina Von Bredow

ok_9788205380608Det er mitt liv! er ein ungdomsroman skriven av Katarina Von Bredow, og den blei utgitt av Gyldendal i 2008. Boka omhandlar korleis det opplevast å bli gravid som tenåring, og problema som kan oppstå rundt ein slik situasjon. Ein får innblikk i ulike dilemma og kor vanskeleg det er å ta eit val. I løpet av boka blir ein kjent med 15 år gamle Jessica som får vite at den kjekke kompisen hennar, også beskriven som draumeguten, skal på same fest som ho – og det av ein heilt uventa grunn. I løpet av festen skjer det noko som skapar langsiktige problem for Jessica, og det får ein høyre meir om i boka.

Dette er ei god bok. Forfattaren har fått fram fleire tema ifrå forskjellige perspektiv, og det fører til at ho når fram til fleire folk. Den passar best til tenåringsjenter, men ei vaksen dame med barn sjølv kan også både lese og like den, vil eg tru. Ein som les boka lærer med andre ord å sjå ting frå andre sine vinklar. For eksempel kan boka treffe ein gravid tenåring og få tenåringen til å skjønne kvifor andre personar reagerer som dei gjer. Og ei mor som har ei gravid dotter forstår kanskje meir av kvifor dottera handlar som ho gjer.

Personane er ikkje skildra så mykje etter utsjånaden, men meir etter korleis dei er inni seg. Miljøet er delvis skildra. Vi får for eksempel vite at Siv, Jessicas mor, er litt spesiell. For eksempel driv ho på med kunst og yoga. Vi får også vite at ho oppfører seg veldig beskyttande overfor Jessica. Eit anna eksempel kan vere at vi finn ut at Louise, Jessicas bestevenninne, har ein del erfaring med gutar og er mykje mindre sjenert enn Jessica er. Ho har på ein måte komen litt lengre enn Jessica har når det gjeld erfaring. Miljøet er skildra der det trengst for å oppleve den riktige stemninga når ein les. Ein får for eksempel vite korleis høgtalarane held liv i festen samtidig som at det er mørkt i rommet. Slik informasjon må ein nesten berre vite av for å kunne sjå for seg korleis festen er. Forfattaren får med andre ord fram det nødvendige.

For å gjere boka så god som ho faktisk er, har forfattaren skrive ting litt annleis enn mange andre gjer. Som sagt er ikkje personane skildra så mykje etter utsjånaden, men meir etter korleis dei er. Det Bredow gjer som er litt annleis er at ho ikkje alltid skriv konkrete skildringar av folk. I staden lar ho det komme fram i dialogar. Det er nesten like mykje dialog som handling i tredje person. Bruken av dialog som eit verkemiddel gjer det lettare for oss som lesarar å bli kjent med menneska i teksten, sidan vi får oppleve korleis dei snakkar og oppfører seg med kvarandre, i staden for at vi berre ser for oss alt frå utsida. Vi får for eksempel mykje informasjon om Siv i ein dialog som denne:

«Jeg får stille ut! I januar.»
«Så fint!»
«Ikke sant? Synd at ikke John er her og kan se det!»
Jessica sukker.
«Handler alt fortsatt om pappa?»
Siv smiler.
«Selvfølgelig ikke! Men det hadde vært morsomt å få bevist at han har tatt feil hele tiden. Han har aldri trodd på kunsten min! Tenk om jeg endelig kan … ja, du skjønner … selge noe. Eller i det minste få omtale. Så jeg vet hvor jeg står.» (s31,32)

Vi får jo for eksempel vite at ho saknar John, Jessicas far, og at ho vil bevise for han at ho er ein flink kunstnar. Det er også bruk av symbol i boka, men ikkje berre på ein konkret måte. Graviditet eller eit barn som også er eit av dei viktigaste temaa i boka kan også vere eit eksempel på eit mindre konkret symbol for vakselivet. Eit konkret symbol som blir nemnt fleire gong i løpet av forteljinga er puslespelet. Jessica puslar ofte. Ho samanliknar puslespelet med livet, med tanke på at brikkane fell på plass litt etter litt, og til slutt blir eit heilt bilde. «Velger man riktig, vokser bildet fram som det skal etter et gitt mønster.» (s. 9). Forskjellen mellom livet og puslespelet er at ein ikkje kan angre og gjere ting om igjen i livet, i motsetning til med eit puslespel. «Velger man feil, er det bare å ta bort bitene og begynne på nytt. Det tar litt lengre tid, men ingen skade har skjedd. Bildet blir like perfekt likevel, litt etter litt.» (s. 9). Ho meiner også at det ikkje er nokon vanskelege val når ein puslar. Det er det dessverre i livet. Som sagt heng livet saman på same måte som puslespelet, men det står ikkje berre som ei samanlikning i boka. Det fungerer også som ein metafor.

Eg synest at boka er veldig god. Den er spennande heilt i frå starten av, så ein slepp å vente på at det skal skje noko. Nokre gongar følte eg at forfattaren hinta om kva som kom til å skje, men det gjer ikkje noko, fordi plutseleg endrar alt seg igjen, sjølv om du trur at du veit kva som skal skje. Eg fekk i alle fall berre lyst til å lese meir for å finne ut korleis det blei å ende.

Boka tar opp aktuelle tema og moralske spørsmål om rett og gale, og sjølv om ho får ein til å tenke og til å lese mellom linjene, er språket i boka enkelt. Den er også lærerik når det gjeld sosiale samanhengar, og eg trur at både vaksne og ungdom kan kjenne seg igjen i mange av situasjonane. Det eg har skrive om her er berre nokre av dei mange grunnane til å anbefale boka, og den passar nok best til tenåringsjenter. Likevel kan som sagt også vaksne har utbytte av den.

Av elev 11STAB

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s