Ei skildring av (u)vanlege liv

Det siste du skal se er et ansikt avBoka Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet er skriven av Eivind Hofstad Evjemo. Dette er hans andre bok. Den blei gitt ut på Cappelen Damm forlag i 2012. Boka har blitt tatt godt i mot av bokmeldarar. Hofstad Evjemo skildrar livet i ein fiktiv, norsk kommune. Han gir oss innblikk i skule, sjukehus og pleieheim. Vi møter fleire personar som alle lever nokså normale liv. Likevel har desse personane problem som gjer liva deira vanskelege. Hovudpersonane i boka er Roy, Aksel, Siri, Kjersti og Kristin.

Roy er ein mann som slit med familielivet. Han bur saman med kone og to born, men fråværet av intimitet frå kona tærer på han. Han gjer derfor underlege ting, ikkje berre ovanfor kona og borna, men også ovanfor seg sjølv. I tillegg har han ein keisam jobb, og dette gjer ikkje livet hans enklare. Ein kan seie at livet hans går på «repeat».

Aksel er sonen til Roy, og bur saman med foreldra og veslesystera si. Han er omtrent 15 år gammal. Sjølv om Aksel er kommen i puberteten, oppfører han seg enno litt barnsleg. Samstundes stel han brennevin frå foreldra og utforskar jenter. Med andre ord, han er nokså lik andre gutar på den alderen.

Siri er like gammal som Aksel, og dei går på same ungdomsskule. Ho har ein sjukdom som gjer at ho ikkje kan gå. Derfor sit ho i rullestol. Dette har hindra henne frå å vere saman med dei andre borna, og ho har ikkje så mange venar. På skulen er ho ein del av spesialklassa, saman med dei andre som har sjukdommar eller syndrom. Siri gjennomgår også puberteten.

Kjersti jobbar i spesialklassen, men ho har eit ekstra ansvar for Siri. Ho er nemleg primærkontakten hennar. Kjersti er stille og rolig, og gjer ikkje så mykje ut av seg. Ho er ein viktig del av Siri si utvikling gjennom boka. Kjersti er mykje aleine og lengtar etter ein ho kan dele livet med.

Kristin er rektor på ungdomsskulen som Aksel og Siri går på. Ho er ikkje gift og har ikkje born, så ho bur derfor aleine. Ho har eit alkoholproblem, og nyttar derfor kvar stund ho er aleine til å drikke. Ho er truleg av samisk ætt fordi ho ofte brukar å tale til elevane på samisk. Kristin er ikkje ein sterk leiar. Mange viser henne dermed ikkje respekt.

Handlinga startar på hausten, og varer fram til eit nytt år byrjar. I denne perioden møter personane i boka mange hinder som gjer liva deira vanskelege. Men det er også lyspunkt i liva deira. Som då Siri får syngje for heile skulen i kantina, då Kjersti er lykkeleg for ei lita stund eller då Aksel berre kan ligge på botn i symjebassenget utan å bry seg om verda rundt. Ein trur at boka har nådd sitt høgdepunkt då kronprinsen besøker skulen, men så skjer det noko uventa.

Denne boka er nok meint for ei meir vaksen lesargruppa som har god erfaring med å lese bøker. Eg er ikkje ein veldig erfaren lesar, så eg trur eigentleg ikkje at boka passar heilt for meg. Samstundes må eg seie at boka fangar meg på ein måte, for den får meg til å ville lese meir. Eg vil liksom vite kva som hender med personane i boka. Eg må seie at denne boka er nok den boka eg har lese der personane og miljøet er skildra best, av alle bøker eg har lese. Forfattaren klarer å dykke inn i personane sine kjensler på ein truverdig måte. Dette gjer at eg som lesar får eit forhold til personane i boka.

Miljøet er ein svært viktig del av denne boka. Forfattaren fortel om symjehallar, skular og rådhus som nyleg har blitt bygd, forlatne kjøpesenter, lukta av sjukehus og pleieheim, og mange fleire ting. Det er tydeleg at forfattaren har brukt tid på grundige undersøkingar på førehand. Eit eksempel på dette er då forfattaren i detalj skildrar at ein heis bør vere 1,4 x 1,6 m om ein rullestolbrukar skal kunne snu seg rundt i han, og forklarer nøyaktig kor store knappane må vere. Dette medverkar til at boka blir desto meir truverdig. Eg likar også at boka skildrar noko som faktisk kunne ha hendt ein stad i Noreg.

Boka er som sagt bygd opp over fleire månadar, og hendingane skjer i kronologisk rekkefølgje. Det er få, men veldig lange kapittel. Forfattaren får fortalt mykje, også mellom linjene. Han står utanfor handlinga, samtidig som han på ein måte forstår personane.  Dette gjer at boka får meir djupn.

Eg vil absolutt anbefale denne boka til andre. Boka passar best for dei som likar å lese, ho er trass alt på nesten 500 sider. I tillegg bør du ha erfaring med lesing, dette er ikkje ei bok du les om du berre har lese ungdomsbøker før. Eg vil anbefale henne til vaksne og til ungdom som vil ha ei utfordring.

Av Runar 11STAB

Advertisements

One comment

  1. Hei! Takk for en god og grundig lesning av boka mi. Det er sånne lesere man vil ha. Takk! Hilsen Eivind Hofstad Evjemo

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s