Den spenningsfylte The Hunger Games

dødslekeneI 2008 blei den fyrste boka i ein trilogi som seint blir gløymd gitt ut av Scholastic i USA. The Hunger Games av Suzanne Collins har blitt trykt i over 3 millionar eksemplarar, berre i USA.

The Hunger Games handlar om ei jente med namn Katniss Everdeen, som lever i det fattige distrikt 12. Distrikt 12 og elleve andre ligg i ruinane av det som ein gong var Nord-Amerika, og blir brutalt styrt av Capitol. For å minne distrikta om kven som har makta, arrangerer Capitol kvart år noko dei kallar The Hunger Games, eller på norsk – Dødslekene. To deltakarar frå kvart distrikt skal kjempe om å bli vinnaren av Dødslekene. Vinn du, ventar ære og rikdom på deg når du kjem ut av arenaen, men å tape er det same som å dø. Med andre ord, berre ein person kjem ut i live. Katniss Everdeen blir saman med bakarens son Peeta, deltakar i Dødslekene. Arenaen byr på alle slags moglege, skitne triks, men for Katniss ligg det i hennar natur å overleve. Ho må ta nokre tøffe val mellom kva som er viktigast av rein menneskelegheit og det å overleve.

Suzanne Collins kunne ikkje ha lykkast meir med prosjektet sitt – å skape ein spenningsfylt ungdomsroman. Spenninga er bygd opp på ein måte som gjer at ein aldri vil legge boka ifrå seg, og timane kan passere mens du sit i di eiga verd og les. Boka begynner ganske roleg, og vi blir kjent med Katniss og heimstaden hennar. Men så, når ho kjem seg til Capitol og blir gjort klar for leikane, begynner spenninga for alvor. Bogeskyting, knivkasting og nærkamp er berre delar av kva du kan vente deg viss du skal lese The Hunger Games. I delen kor Katniss er ute på arenaen, er det endelaus spenning.  Suzanne har brukt korte, konkrete setningar som saman med actionfylte scenar skapar ei spenning som gjer at hjartet bankar og at adrenalinet pumpar rundt i kroppen. Det er ikkje så mykje bruk av metaforar og andre verkemiddel i boka, ho speler mest på dei korte setningane.

Det er ikkje berre vald og spenning i denne romanen, langt ifrå. Samtidig som spenninga aldri minkar, og det alltid er noko som skjer, får vi følgje det hjarteskjerande trekantdramaet mellom Katniss, Peeta og Storm. Ikkje nok med det, men vi får også smake på sterke band mellom venar og familie.

Måten boka er bygd opp på, gjer at det aldri blir keisamt å lese. Personane er skildra godt, og som lesar får ein eit sterkt innblikk i korleis personane er, kva dei gjer og korleis dei ser ut. Som lesar blir ein ordentleg kjent med Katniss og Peeta, og ein blir også kjent med fleire av dei andre personane. Historia er fortalt av Katniss, og vi får komme inn i hennar tankar og observasjonar. Gjennom heile boka heiar vi på Katniss, og håpar at ho skal komme seg levande ut av Dødslekane.

I gjennom heile boka får ein ei kjensle av å vere til stades. Du kan sjå det Katniss ser, høyre det ho høyrer, føle det ho føler. Miljøet og personane er skildra så bra og nøye, at du blir sugd inn i boka, og tar del i alt som skjer der inne.

The Hunger Games er ein ungdomsroman proppa full av spenning. Blod, sveitte og kjærleik er sett saman til noko som utgjer ein perfekt kombinasjon, som ein kvar ungdom burde få med seg. Eg fekk rett og slett ikkje nok av denne boka, og eg er sikker på at ein kvar fan av både spenning og kjærleik, vil sluke den rå.

Av Tora 11STA

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s